Temaet for kveldsseto er omreisande folk som gjerne vart kalla tater, fant, slarkar, sigøyner eller kramkarar. Dei kom gjerne innom åt folk , somme hadde noko å selja, somme kunne tigge om mat eller tilby å kjøpe, og det hende dei bad om overnatting eller slo leir og overnatta ute.
I kveldsseto vil vi dra fram minna om desse reisande og sjå på kva vi eigentleg veit om dei og korleis møtet mellom dei og bygdefolket kunne vera.
For å skape den rette «taterstemninga» har vi denne gongen vald å vera i Bellestugu. Vi vil fyre opp i god tid, men kle deg likevel godt, for Bellestugu er ikkje noko godt vinterhus!
Biletet nedanfor er av Karoline Lauritzen. Ho var ein framtredande representant for dei reisande, kjent og respektert av mange her i Lesja.
Som vanleg blir det kaffespleis og alle er vel møtt!
I dag fekk Rolf Sørumgård (leiar) og Oddvar Romundset (årbokredaktør) høve til å gjere stas på to eldsjeler i historielaget: Bjørg Nordset og Peder Bjorli. Begge har hatt lang teneste i styret og i dugnadar.
Dei fekk høve til å kome til starten på årets julebord for Lesjaskog pensjonistlag, der både Bjørg og Peder er medlemar, på Bjorli samlingshus.
Rolf takk Bjørg for innsats i styret, med boka Kakejern som laget ga ut i 2016, for Lorkvenne med sying av hundrevis av posar til mjølsalet med meire.
Oddvar takka Peder for styrearbeid, dugnad som møllar på Lorkvenne, medlemskap i skriftnemnda og viktige og morosame bidrag til årboka med meire.