Om oss

Her kan du lese om Lesja historielag. For øvrige emner som omfattar laget, sjå menyen til venstre.

Lesja historielag 30 år
Ved Tor Einbu

Eit eldre lag
Ein protokoll frå 1930-åra som ligg i arkivet i Tunstugu, viser at det har vore noko som heitte Lesja og Dovre historielag. Protokollen viser berre medlemskontingent betalt, ikkje noko om lagsarbeidet, vi veit derfor ikkje meir om laget.

Lesja heimbygdslag – Lesja bygdetun
Forløparen til Lesja historielag kan vel seiast å vera Lesja heimbygdslag, stifta i 1958. Da var det eit hus som måtte takast vare på, og dette vart starten for Lesja bygdetun. I interrimsstyret sat Ola Skotte, Per R. Einbu og Ola Flagestad. Dei søkte kommunen om eit område for eit bygdetun, og fekk ei kalvlykkje som hadde tilhøyrt klukkargarden, men som kommunen nå eigde. Huset som måtte takast vare på, var kornmagasinet, som nå står sentralt og majestetisk på Lesja bygdetun. Det vart flytta i 1967. Om historikken til tunet, sjå Årsskrift for Lesja historielag 2008, ført i pennen av John Olsen.

Lesja historielag
I november 1980 vart det etter initiativ frå Øystein Mølmen nedsett ei arbeidsgruppe med sikte på å få stifta eit historielag. Medlemmer i tillegg til Øystein Mølmen var Eldri Storhaug, Kari Nørstebø og Leiv Hov. Seinare kom Ola Jo Botheim med i arbeidet. Gruppa utarbeidde lover for laget, og stiftingsmøtet var 22. mai 1981 på Lora grendahus, med 45 frammøtte.

Første styret vart: Leiar Ola Jo Botheim, Eldri Storhaug, Egil Raanaa, Peder Brandli, Hans Hole, Leiv Hov og Olaf Holmseth. Ivar Fjellstad vart kasserar og sekretær.

På møtet orienterte Olav Råstad frå Vågå om generelt historielagsarbeid, og rådde laget til å ikkje ta på seg for mange og store oppgåver i starten. Likevel var følgjande arbeidsoppgaver opprekna og protokollført på møtet: Registrering av stadnamn, gamle vassvegar og kvernbruk, gamal klebonad, gamle ferdselsvegar, gamle bilde og dokument, intervju av eldre folk.

Aktivitetar 1981-1989
Den første praktiske oppgava var restaurering av Verkenstugu på Filling, oppsett på grunn av malmtransporten på Dalsida. Dette arbeidet vart gjort i 1981-82. (årsskriftet 1989).
Bilete Verkenstugu

På vårparten 1983 hadde Arnfinn Kjelland kurs i skriving av lokalhistorie, og til jul same året kom første årsskriftet ut. Arnfinn var redaktør, og Audun Einbu, Hans Hole og Hans Enstad var i skriftnemnda. (Hans er medlem i nemnda framleis, 2011).

Allereie i 1984 kom ei ny stor oppgåve: Laget tok på seg å leie museumsarbeidet ved Lesja Bygdemuseum og Lesjaskog Bygdesamling, og velja fire av sju medlemmer i styret. Dei tre andre skulle veljast av kommunestyret og fylket.

I 1984 hadde historielaget draktopptog og fotoutstilling under Jonsokfeiringa på Maihaugen, og i 1985 under Landsskyttarstemnet på Lesja (årsskriftet 1985).

Same året starta arbeidet med ”Liv i husa” på Lesja bygdetun opp, med aktivitetar inne og ute gjennom sommarsesongen. Bygdebokarbeidet hadde gått i mange år, da laget i denne perioden vart engasjert, m.a. med innsamling av gamle bilde. Første bind kom ut i 1987. Laget var òg engasjert i arbeidet med seterboka av Per Einbu og Arnfinn Kjelland, som kom i 1988. Det kom ikkje noko årsskrift dette året.

I 1986 var stigen frå Lordalen til Skjåk oppvarda att, i samarbeid med Skjåk historielag. Ei årrekkje etter dette var det samkomer mellom laga, anna kvart år på Nysetra og ved Aursjoen, siste samkoma var vel i 1996 på Storsetra i Lordalen (sjå artiklar i årsskrifta 1986-1996).

Første Olsokfeiringa på Lesja bygdetun var i 1989 med 98 deltakarar. Berre eitt år sidan har det vore problem for historielaget å få arrangert denne festen. Men da syntest bygdefolket at dette var så trist at det vart fest likevel, med privat oppnemnd komite.

På slutten av 1980-talet vart det arrangert kurs i innsamling og registrering av stadnamn. Dette arbeidet har halde fram gjennom åra, og ei rekkje artiklar om dette emnet har stått i årsskrifta.

Aktivitetar 1990- 1999
I 1990 vart det arbeidd med å få reist ein bauta ved Lesjaskog kyrkje over dei som utvandra til Amerika. Denne steinen vart reist i 1991 samtidig med at dei to andre steinane som stod der før, vart flytta lenger unna vegen. I 1990-91 vart Løftbua (Alnesbue) oppunder Buakollen i Lordalen restaurert. (årsskriftet 1990).

På grunn av dårleg økonomi og store produksjonskostnader med årsskriftet foreslo styret på årsmøtet i 1992 å samarbeide med Dovre historielag om ei felles bok. Årsmøtet ville ikkje ha noko av dette, og årsskriftet kom på vanleg måte.

På ein markdag i 1992 gjekk turen til kverner og sagbruk som har stått langs elva Lora. Dei såg da dei sørgelege restane av m.a. Lorkverna. I 1995 kontakta laget eigaren av Lorkverna, med sikte på restaurering, og i 1996 gjorde årsmøtet vedtak om å setja i stand att Lorkverna. Fylkeskonservator Arnfinn Engen syntest idéen var god, men han meinte at det ville bli ein god del arbeid og kostnader. Han ville at laget heller skulle satse på å restaurere Tråsådalsbruket. Det vart gjennomført ein dugnadsdag der med sikte på vidare arbeid. Men historielaget fekk ikkje støtte til dette tiltaket.

I 1997 vart det sett i gang arbeid med to minnesmerke over store ulykker i Lesja: Aursjøulykka i 1941, der 11 omkom, og togulykka ved Lesjaverk i 1940 der også 11 omkom. Minnesmerka vart avduka i 1998 (årsskriftet 1998).

Registrering av kverner og sagbruk langs bekkar, åer og elver vart sett i gang i 1998. Dette arbeidet er stort sett ferdig i heile bygda. Noko av materialet er presentert i årsskrifta for 2004 og 2008. Presentasjonen av materialet frå vestre del av bygda, frå Lordalsmunningen til fylkesgrensa, vil bli trykt seinare.

I 1999 vart Bolbosso (Polbosso) i Myrkgongje i Lordalen restaurert av historielaget. Historia til bua er ukjend. År 2000 vart ei kolbrennarkoie i Sandomsmorka restaurert (årsskriftet 2000).

Registrering av rosemåling vart starta i 1999, og arbeidet heldt fram til ca. 2003. Noko av dette materialet er trykt i årsskrifta frå 2004 og utover, med to – tre målarar kvar gong.

Aktivitetar 2000-2011
Året 2000 var Tunstugu ferdig og kunne takast i bruk samtidig med kyrkjejubileet. Minnestein over Jakob Bersveinson Klukstad ved Lesja kyrkje vart òg avduka. Steinen og portrettet er formgjeve av bilethoggaren Ola Enstad.

I 2000 starta arbeidet med restaurering av Lorkverna, med vegarbeid og bygging av stallen.

Historielaget fekk dei to første æresmedlemmene i 2001: Audun Einbu og Øystein Mølmen. Audun fekk utmerkelsen for sitt lange arbeid i skriftnemnd og redaksjon av årsskriftet. Øystein for sitt initiativ for å starte laget i 1981.

I 2002 starta arbeidet med registrering av bakstjern. Her er det gjort eit grundig arbeid, med fotografering av jern av ulik type og alder, frå heile bygda. Det blir nå arbeidd for å få utgjeve ei bok om emnet.

I 2003 og 2004 gjekk arbeidet med registrering av kverner og sager, bakstjern og rosemåling vidare. I 2004 var første del av materialet om kverner og sager ferdig, og vart presentert i årsskriftet.

Lorkverna
Lorkverna med fem hus var ferdig i 2005 med stort opningsarrangement. Det store dugnadsarbeidet ved kverna vart starta i 2000. Nå var alle hus ferdige, bortsett frå klesstampa. Det var bygd eit hus kvart år, og i tillegg hadde det vore omfattande vegarbeid og arbeid med vasskanalen. Sjå historikken til Lorkverna i Årsskrift for Lesja historielag 2005.

Besøkstalet ved Lorkverna er aukande, i 2007 skreiv omkring 2.500 seg inn i gjesteboka. Frå dette året vart det organisert omvising ca. 20. juni – 20. august.

Eit minnesmerke over dei som er gravlagde ved Lesja kyrkje, og som ikkje har eller har hatt gravminne, vart avduka i samband med Olsokstemnet. Dette året vart Lesja historielag med i Markens Grøde, med arkeologidag ved Aursjøen og martnasdag på Lesja bygdetun.

Store endringar i organiseringa av Lesja bygdemuseum
I 2003 vart Museet i Nord-Gudbrandsdal stifta. I 2007 gjekk utviklinga vidare, og Gudbradsdalsmusea vart stifta. Frå nå av vel historielaget to medlemmer til styret for Lesja bygdemuseum – Eigarstiftinga, som har ansvaret for anlegg og bygningar på bygdetunet på Lesja og på Lisser på Lesjaskog. Det er Gudbrandsdalsmusea som er ansvarleg for drift av Lesja bygdetun.

Endringar og utvida aktivitet vart det òg ved Lorkverna. Sommaren 2008 vart det bygd eit jernblester på området. Dette fekk i 2009 eit overbygg og ein stor blåsebelg, og i 2011 fekk vi vassdrift på blåsebelgen. Dei seinare åra har det òg vore Jonsokfeiring ved Lorkverna, med varierande publikumstal, alt etter korleis veret er.

Under Markens Grøde i 2008 var det markdag ved Lorkverna, med kolbrenning og jernblestring fredag. Laurdag var det martnasdag på Lesja bygdetun, der laget presenterte ei utstilling av utstyr som vart brukt ved bearbeiding av mjølk.

Oppbygging av eit anlegg som Lorkverna kan seiast å vera oppgåve for eit historielag. Men når det gjeld drift, og ikkje minst vedlikehald, så er ikkje dette historielagsarbeid. Lesja historielag overdrog derfor i 2009 Lorkverna med bygningar og anlegg til Lesja bygdemuseum – Eigarstiftinga. Historielaget har sikra seg retten til å bruke Lorkverna slik dei har gjort ” – frå gamalt”, men nå i samråd med styret for bygdemuséet. Klesstampa vart fullført i 2009, med torvtak og vassdrive maskineri.

Ved Lorkverna er det nå organisert omvising i sommarsesongen. Vidare legg vi til rette for publikumsdagar der korn blir male, kol blir brent og jern blir blestra. Det susar og ryk frå mange bål, ikkje minst frå kaffebålet.

Årsskriftet, årboka
Årsskriftet har kome kvart år sidan 1983, med unntak av 1988, da Setrane i Lesja av Per Einbu og Arnfinn Kjelland kom ut. I 2010 vart namnet på boka endra til Årbok for Lesja historielag. Når ein tek med den årboka du sit med nå, er det gjeve ut 28 bøker, og det er trykt omlag 3.500 sider med lokalhistorie og bilde.

Spennvidda i stoffet er stort, frå enkle forteljingar om noko som har skjedd, til meir omfattande artiklar om eit vidare emneområde og med større ambisjonar. Tilfanget av stoff har endra seg sakte, over tid, etterkvart som kjeldematerialet er brukt. Og mange munnlege kjelder har tagna, medan nye kjelder har kome til. Historier frå nyare tid, som den oppveksande slekt ikkje kjenner til, er blitt historie.

Av årlege aktivitetar som ikkje er nemnt i denne oversikta, er markdagar, dugnader og meir. Dei fleste av turane har gått innanbygds, men det har òg vore turar utanbygds. Olsokfesten har laget arrangert årleg sidan 1989, med unntak av eitt år.

Medlemstalet har sjølvsagt variert over tid. Første åra låg det på rundt 30-50 (sum familie- og enkeltmedlemmer), så auka det sakte men sikkert fram til toppåret 1994, da vi hadde 168 medlemmer. Antalet har så variert mellom rundt 100-150 medlemmer, men med store avvik enkelte år. I jubileumsåret er talet på medlemmer 121.

Lesja historielag har nå tre æresmedlemmer: I 2001 vart Øystein Mølmen og Audun Einbu utnemnde. I 2009 vart Odd Reidar Hole utnemnd for arbeid på fleire område: Registrering av rosemåling, registrering av kverner og sager, og ikkje minst for eit omfattande arbeid med restaurering av Lorkverna. Han har dessutan vore leiar i laget i ni år.

Leiarar i Lesja historielag 1981 – 2011:
1981-1985: Ola Jo Botheim.
1986-1990: Andreas Morken.
1991-1995: Sigmund Sæther.
1996: Hans Avdem.
1997-2004: Odd Reidar Hole.
2005: Kai Ove Riise.
2006: Odd Reidar Hole.
2007-2008: Ola Utgaard.
2009-2010: Bengt Flagestad.
2011: Oddvar Romundset.
2021: Einar Morken, døydde sommaren 2022, nestleiar Rolf Sørumgård tok over

Leiarar/redaktørar i skriftnemnda 1983 – 2011:
1983-1990: Leiar Audun Einbu, redaktør Arnfinn Kjelland.
1991-2001: Audun Einbu.
2002: Redaksjon Odd Reidar Hole og Tor Einbu.
2003: Tor Einbu.
2021: Oddvar Romundset