Lorkverna
Lorkverna – eit levande industrihistorisk kulturminne – møllebruk, vadmålstampe, jernblestring og kolbrenning.
Turstig, natur og kultur, kaffebål og grill.
Omvising
Fredag – søndag ca. 20. juni – 20. august kl. 12.00-17.00. Lorkverna er elles open for besøk heile året.
UTM-posisjon: 32V Ø 481580 N 6887501
Historikk
Ei kvern ved Lora er fyrste gong nemnd i eit skinnbrev i 1326. «Loro kuæn» var nok eit mykje enklare anlegg enn dagens Lorkvern, og kanskje på ein annan stad. Dagens anlegg kan vera frå rundt år 1800. Lorkverna var viktig for bygda, fordi her var sikkert vatn heile året. Lorkverna, slik ho framstår i dag, er oppattbygd og restaurert av Lesja historielag frå tusenårsskiftet og fram til i dag.
Området ved Lorkverna
Lorkverna ligg i lognande furuskog. Området høver godt for leik og avkopling for heile familien. Her er benkar og bord mellom velhaldne tømmerhus. Her kan du sjå korleis vatn vart nytta til drift i ulike arbeidsprosessar frå gamalt.
Lorkvernbrua
Brua vart bygd i 2012 med tradisjonell byggeteknikk, ein kombinasjon av utleggs- og sprengverkbru. Byggematerialar er malmfuru frå elvekanten og kampesteinar frå elva som fundament.
Kverna
Kverna er kopi av den som stod her kring 1920. På denne tida bytte den siste møllaren ut kvernkallen med turbinhjul. Han sette reimdrift på to sett kvernsteinar, slik at ein kunne male både matmjøl og grøype, eit grovare mjøl brukt som dyrefôr. Han bygde òg overbygg med gangbru på kvernhuset, slik at det vart lettare å handtere kornet.
Møllarstugu
Sidan kverna ligg så langt frå bygda, budde møllaren her, i periodar budde heile familien hans her også.
Stallen
Her kunne det vera plass til inntil fire hestar, og for eigaren var det plass til å sove på hemsen. Det var langt til bygds, og enkelte hadde så lang veg at dei måtte overnatte. Mykje av malinga foregjekk om vinteren, og folk og hestar trong hus.
Vadmålstampa
Her blir vovne ullklede tøvde, slik at dei blir vind- og vasstette. Stampa blir drive av eit overfallshjul.
Jernblesteret, kolmila
I mellomalderen vart jern utvunne frå myrmalm. Denne måten å utvinne jern på kallast blestring , som kjem av å blåse. Blåsebelgen blir drive av eit overfallshjul. Til blestring av jern treng ein trekol for å få høg nok temperatur, dette blir brent i ei kolmile.
Smia
Dette er ei gamal gardssmie som vart flytta hit for å bli restaurert og teken i bruk att. Smia står oppe på det «varme» området, med jernblesteret og kolmila.
Vassinntaket, kanalen
Den gamle kanalen er rydda og i bruk, vassinntaket ligg ca. 200 meter lenger oppe i elva. Vatn grev og arbeider, og elva kan stige raskt utan varsel. På kanalen er det difor fleire utslag, slik at overflødig vatn kan førast attende til elva.
Turstigen
Lesja Historielag har utvikla og opparbeidd ein turstig på ca. 5 km, i området på begge sidene av elva. Historielaget arbeider med skilting og oppsetting av ti informasjonspostar om kulturminna og naturen i området, og der Lorkverna er viktigaste kulturminnet. Turstigen har tre startpunkt, eitt ved starten på atkomstvegen til Lorkverna ved Lorkroken, og to ved Lordalsvegen. Gapahuken ved Lorfossen er tilrettelagt som rasteplass. Frå Lorkroken og dit er det 2,5 km og her er stigen tilrettelagt for barnevogn og rullestol.
Postane på turstigen er:
1. Kolbrenning, 2. Lorsaga, 3. Lorkverna, 4. Gammel-Bernt-saga, 5. Fuglar, 6. Lorfossen, 7. Verneområde, 8. Dyr i skogen, 9. Geologi, 10. Skogsdrift
Aktiviteter på Lorkverna
Alle hus på Lorkverna står opne heile året, det er berre å gå inn. Og ver snill og skrive namnet ditt i gjesteboka, og gjerne ein kommentar. Bruk gjerne bålplassen og grillen. Om sommaren er det fast omvisning og demonstrasjon av maling og stamping på Lorkverna fredag – søndag, og det er nymale byggmjøl å få kjøpt. Eit par gonger om sommaren blir det brent trekol og blestra jern av myrmalm, og kvart år den 23. juni er alle velkomne til samling om jonsokbålet ved Lorkverna.
Ved spørsmål om tider for omvisning eller overnatting, ta kontakt med oss. Rørslehemma personar kan køyre til brua og såleis koma til Lorkverna på enklaste måte, ta gjerne kontakt for nærare anvisning.
Historielaget får mange positive tilbakemeldingar frå besøkande fordi det er så godt tilrettelagt og velstelt på Lorkverna. Bak dette ligg ein stor dugnadsinnsats og store utgifter for historielaget. Vi oppmodar derfor alle til å gje eit lite bidrag ved besøk sjølv om kverna ikkje er betjent. Du kan også betale til konto 2081 07 16216. Og ver snill å forlate Lorkverna like ryddig og fin som da du kom!
Korleis koma til Lorkverna
Lordalsvegen tek av frå E-136 på Lora, skilta Lordalsvegen og Lorkverna. Etter ein km, vegkryss, køyr til venstre (ikkje gjennom bommen). Vidare bru over Lora, nytt kryss, køyr til høgre. Tre km langs smal veg, til parkeringsplassen. Derifrå er det gangstig 1,2 km til Lorkverna. Lett terreng, stigen egnar seg bra for barnevogn og rullestol.
Alternativ atkomst for store bilar er gangstigar frå P-plassar langs Lordalsvegen, den eine 3,8 km frå bommen er skilta med Gml. Lorsagvegen (1 km gangstig til Lorkverna), den andre 4,6 km frå bommen er skilta til Lorfossen (1,5 km gangstig til Lorkverna). Bomavgift kr 20.