Da er det på tide å fornye (eller nyteikne) medlemskapet i historielaget!

Som tidlegare meldt nedanfor her (29. mars), har vi etablert eit medlemsregister, som vi ny nyttar til å be om medlemskontingenten for 2023. Den er den same som i fjor, kr 100. Årsmøtet fjerna familiemedlemskap, slik at nå må alle som vil støtte oss også teikne eige medlemskap.

Vi har nettopp sendt ut ein innbetalingsblankett for kontingenten til alle vi har namna på. Om lag halvparten har alt fått dei som e-postvedlegg, medan dei fleste andre får dei som papirbrev i løpet av nokre dagar. Viss du får ditt som papirpost, gjer vel og send ein e-post til post@lesjahistorielag.no. Da får vi e-postadressa di og kan oppdaterer registeret (vi lover ikkje å bruke e-postadressa di til anna enn informasjon frå historielaget!). Skriv gjerne inn telefon og adresse óg; så får vi sjekka at vi har desse rett.

Viss du ikkje har vore medlem (det vil seie ikkje har fått / får betalingsgiro nå), men har lyst til å bli medlem, klikk her. så får du blankett om nokre dagar.

Slik ser innbetalingsblankette ut.

Det vil altså for dei fleste stå namn og adresse, men for nokre måtte vi fylle på det med handskrift i etterkant pga at vi ikkje hadde adressa. Kundenummer og fakturanummer vil vere særskilt for kva medlem. Under «Beskrivelse» står det altså «Medlemskontingen Medlem» for dei som får blanketten på e-post. For dei som får papirbrev er det enten sett ein svart strek over, eller står «Inaktiv» – det var ei kode vi sette på for å halde oversikt. Sjå bort frå den, du blir medlem att når du betaler 2023-kontingenten :-)

Skriv ein kommentar