Olsokfeiring på Lesja bygdatun

Feiringa på olsokkvelden 29. juli følgjer den tradisjonelle malen: olsokmesse i Lesja kyrkje kl 19:00 og så til bygdatunet.

Sokneprest Magnus Halle skulle eigentleg halde festtalen i fjor, men vart forhindra. Derfor er vi glade for at han stiller i år! Det blir musikkinnslag ved Knut Aastad Bråten, allsang og opplesing av og forteljing frå eigne bøker av forfattar Guri Sørumgard Botheim, som kom med boka Høgfjellsmeldinga i vår.

Det blir òg sjølvsagt servering av rømmegraut, spekemat, kaffe og biteti.

Vermeldinga ser bra ut så vi satsar på utefeiring, men vi har Tunstugu i reserve ved dårleg ver.

Inngang kr. 100.

Alle er velkomne!

Skriv ein kommentar