Om innmelding og oppdatering av vårt nye medlemsregister

Historielaget bestemte på årsmøtet 28. mars 2023 at vi skal opprette eit elektronisk medlemsregister.

Så viss du har vore medlem før, men ikkje har fått e-post frå oss i dag (29. mars), eller vil bli medlem frå og med 2023,

klikk på denne lenka

og fyll ut dei enkle felta.

Årsmøtet vedtok òg at det i 2023 berre skal vere enkeltmedlemskap i laget, og kontingenten for 2023 er kr 100. Det blir ikkje familiemedlemskap. Alle som nå oppdaterer medlemskapen eller melder seg inn, vil få tilsendt giro for kontingenten i løpet av nokre veker. Når den blir betalt, blir medlenmsregisteret og rekneskapen automatisk ajourført.

NB per 22. april: mange som har stått i vårt midlertidige, manuelt oppretta register, har fått fleire e-postar og SMS med oppmoding om å registrere seg. Har du alt gjort det, sjå bort frå ev. purring. Usikker? Spør per e-post til post@lesjahistorielag.no

Her er årsmøtesaka:

Det blir oppretta eit medlemsregister for Lesja historielag

I vedtektene for Lesja historielag, §2 om medlemskap, står det mellom anna: «Alle som vil stø eller arbeide for føremålet til laget, kan bli medlemmer ved å betale årskontingent. Kontingenten blir fastsett av årsmøtet. Livsvarig medlemsskap kan ein teikne ved å betale ein kontingent som er 10 gonger årskontingenten. Styret for Lesja historielag kan utnemne livsvarige æresmedlemmer».

Styret har seinare vedteke å innføre familiemedlemskap, men har ikkje hatt system for å registrere medlemer på anna vis enn innbetalt kontingent. Varsling om fornying eller nyteikning av medlemskap har vore gjort ved at blanke giroblankettar har vore delt ut i alle postkassar og ev. sendt i posten etter førespurnad. Det har ført til betydeleg variasjon i kven som har vore reelle medlemer frå år til år, og problem med å få varsla utanbygdsbuande om kontingentfornying, da laget ikkje har hatt eit medlemsregister med namn og adresse.

Styret inngjekk i 2022, i samsvar med tilråding frå Landslaget for lokalhistorie, avtale med firmaet StyreWeb om bruk av deira nettbaserte administrasjonsløysing tilpassa behova til historielag. Vi har førebels teikna avtale om, og teke i bruk, modulane for medlemsregister og rekne­skap, men har tilgang til mange fleire tenester. Viktigast i denne samanhengen er kontingent­fakturering som kan sendast som e-post eller adressert brev, og der kontingent­innbetalinga kan bli ført direkte inn i rekneskapen på korrekt konto. Også annan informasjon, til dømes om møte/arrangement, vil kunne sendast alle medlemer som e-post.

Eit slikt medlemsregister gir oss altså mange fordelar. Det skal sjølvsagt behandlast i samsvar med personopplysningsloven, og StyreWeb er lagt til rette for det.

Styret foreslår derfor at laget med verknad frå 2023 opprettar eit eige medlemsregister. Det må vere frivillig om ein vil stå der, men alle som vil bli verande som medlemer eller teikne ny medlemskap, må gi samtykke til å bli ført inn i registeret.

2 kommentarar to “Om innmelding og oppdatering av vårt nye medlemsregister”

  1. Geir Ulekleiv sa:

    Hei.

    Jeg kan føres inn i medlemsregisteret.
    Min mobil er 97120611

    Hilsen Geir Ulekleiv

    • Arnfinn sa:

      Hei – da fekk eg tilfeldigvis sjå at du la inn medlemsinformasjon som kommentar på nyhende på heimesida. Vi (dvs. stort sett Oddvar og eg) har ikkje hatt gode rutinar for å følgje opp slike kommentarar.
      Vi har denne, Facebook-sida og e-posten som må passast på, så det kan vere noe å fordele i styret.

      Mvh Arnfinn

Skriv ein kommentar