Ka e ditta?

På martnadsdagen under Markens grøde 22. juli arrangerte Lesja Historielag som vanleg konkurransen «Ka e ditta ?». Der vart det lagt fram 10 bruksgjenstandar frå tidlegare tider, og deltakarane blir invitert til å fortelja kva gjenstandane heiter og kva dei var brukt til. Dei får eitt poeng for kvar rett opplysning, så tilsaman kunne ein få 20 poeng. Det var KM Bjørneby som hadde lånt oss gjenstandane, og årets konkurranse var nok svært vanskeleg. Dei gjenstandane som var nummerert med 1 og 2 var kanskje verst, og ingen fekk fullt hus. Førstepremien var bøkene Bjørg Nordset: «Kakejern» , Hole/Hosar/Buggeland:»Rosemåling frå Lesja» og Audun Høgbrenna: «Rips og rabarbra».

Nemn og bruk av gjenstandane var følgjande:

  1. Lusestikke/lusebrett – fange lus i sengekleda
  2. Flugufelle – fange fluger
  3. Måsårive – rake saman reinsmåså til fôr.
  4. Gjærkrans – til oppsamling av gjærsporar i øl for bruk i neste brygg
  5. Bodstikke – til å sende viktige kunngjeringar frå gard til gard
  6. Lysterkorg – til å fyre feitved i for å lokke fisken når ein lystra
  7. Sukkersaks – til å klippe ut sukkerbitar frå sukkerklumpar
  8. Lyssløkkar – vart festa på talgljos slik at det vart sløkt når det brann ned til «gaffelen»
  9. Mustasjekam – til å stelle barten med
  10. Alnemål – målestav til å måle alner, kvart-alner og tommar.

Det vart to vinnarar som begge hadde 13 poeng og det var: Kjersti Jacobsen og eit lag som bestod av Gullaug Stavheim, Grethe og Dag Mømb.

Skriv ein kommentar