Referat frå årsmøtet 2025
26. mars 2025 | Ingen kommentarar
På Kyrkjestugu, Lesjaskog 25. mars kl. 19.00
Svært godt oppmøte til årsmøtet, i overkant 30 deltakarar.
Årsmøtesakene gjekk greitt igjennom. Oppdatere versjonar er lagt ut her.
Val:
Arnfinn Kjelland, styremedlem, attval for 2 år
Arne Staurust, styremedlem, attval for 2 år
Øyvind Nordli, styremedlem, ny for 2 år
Mona Vatnedal, styremdelem, ny for 2 år
Stein Inge Bjorli, vara, attval for 1 år, mellombels i styret for 1 år
Aadel Skotte, vara, attval for 1 år
Aasmund Kolstad, vara for 1 år
Dessverre fekk vi ikkje vald leiar for komande år. Det nye styret må konstituere seg sjølv.
Ikkje på val:
Oddvar Romundset, på val neste år
Merete Stavheim, på val neste år
Åse von Rappe, permisjon, på val neste år
Etter årsmøtesakene orienterte Arnfinn først litt om historia til Kyrkjestugu før ein gjennomgang av dei digitale bildesamlingane frå Lesja. Sjå nærare om dei under menyen øvst, Kulturminne.
Ei storhending: Oddvar Romundset vart utnemnt til æresmedlem i Lesja historielag!
Siste underhaldningstilbod var ein kviss med 10 Widerøe flyfoto frå 1962 der deltakarane vart utfordra på namn på personar og bustader ein pil peikte på på kvart bilde. Bilda var frå rundt omkring heile kommunen, og til kvart bilde fekk deltakarane 4 forslag til namn. Maks poeng å få var 15, beste lag fekk 12,5 poeng og ein twistpose i premie.
Eit bildegalleri frå årsmøtet:
Frå venstre oppe: styret før møtet, nestleiar Einar Utgaard hadde ikkje høve til å møte. Så to bilde frå matøkta, servert av Lesjaskog bygdekvinnelag. I midten til venstre Oddvar orienterte om årbokarbeidet, med lydhøyr forsamling. Så til høgre Kunnegjorde avtroppande leiar Geir Ulekleiv om bakgrunnen for styrevedtaket hovudpersonen, Oddvar, var ukjent med; æresmedlemskapet. Siste bildet var av dei av det gamle styret som fekk blomter av avtroppande leiar, Geir. Han fekk sjølv blomster litt før.







