Kulturkveld i Jønson-Brenna 14. november

27. oktober 2023 | Ingen kommentarar

Merk påmelding til telefonnummer 90659559 eller 97120611! Entre ved inngang, Vipps, kortterminal eller kontant.

Arrangementet vart fullteikna 3. november.

Olsokfeiring på Lesja bygdatun

26. juli 2023 | Ingen kommentarar

Feiringa på olsokkvelden 29. juli følgjer den tradisjonelle malen: olsokmesse i Lesja kyrkje kl 19:00 og så til bygdatunet.

Sokneprest Magnus Halle skulle eigentleg halde festtalen i fjor, men vart forhindra. Derfor er vi glade for at han stiller i år! Det blir musikkinnslag ved Knut Aastad Bråten, allsang og opplesing av og forteljing frå eigne bøker av forfattar Guri Sørumgard Botheim, som kom med boka Høgfjellsmeldinga i vår.

Det blir òg sjølvsagt servering av rømmegraut, spekemat, kaffe og biteti.

Vermeldinga ser bra ut så vi satsar på utefeiring, men vi har Tunstugu i reserve ved dårleg ver.

Inngang kr. 100.

Alle er velkomne!

Ka e ditta?

24. juli 2023 | Ingen kommentarar

På martnadsdagen under Markens grøde 22. juli arrangerte Lesja Historielag som vanleg konkurransen «Ka e ditta ?». Der vart det lagt fram 10 bruksgjenstandar frå tidlegare tider, og deltakarane blir invitert til å fortelja kva gjenstandane heiter og kva dei var brukt til. Dei får eitt poeng for kvar rett opplysning, så tilsaman kunne ein få 20 poeng. Det var KM Bjørneby som hadde lånt oss gjenstandane, og årets konkurranse var nok svært vanskeleg. Dei gjenstandane som var nummerert med 1 og 2 var kanskje verst, og ingen fekk fullt hus. Førstepremien var bøkene Bjørg Nordset: «Kakejern» , Hole/Hosar/Buggeland:»Rosemåling frå Lesja» og Audun Høgbrenna: «Rips og rabarbra».

Nemn og bruk av gjenstandane var følgjande:

  1. Lusestikke/lusebrett – fange lus i sengekleda
  2. Flugufelle – fange fluger
  3. Måsårive – rake saman reinsmåså til fôr.
  4. Gjærkrans – til oppsamling av gjærsporar i øl for bruk i neste brygg
  5. Bodstikke – til å sende viktige kunngjeringar frå gard til gard
  6. Lysterkorg – til å fyre feitved i for å lokke fisken når ein lystra
  7. Sukkersaks – til å klippe ut sukkerbitar frå sukkerklumpar
  8. Lyssløkkar – vart festa på talgljos slik at det vart sløkt når det brann ned til «gaffelen»
  9. Mustasjekam – til å stelle barten med
  10. Alnemål – målestav til å måle alner, kvart-alner og tommar.

Det vart to vinnarar som begge hadde 13 poeng og det var: Kjersti Jacobsen og eit lag som bestod av Gullaug Stavheim, Grethe og Dag Mømb.