Årsmøte i Lesja Historielag

1. mars 2023 | Ingen kommentarar

Styret har vedteke at årsmøtet i Lesja historielag 2023 blir på Lesjaskog skule, auditoriet, tysdag 28. mars.

Før sjølve årsmøtet blir det kveldsseto der konservator emeritus ved Romsdalsmuseet, Bjørn Austigard frå Eikesdalen, vil kåsere om lokalhistoriske emne. Mange kjenner sikker Bjørn Austigard frå før. Han er ein kunnskapsrik og underhaldande talar, og har alltid einkvan godbiten frå Lesja å fortelja om. Denne sekvensen er open for alle.

Bjørn Austigard

Etter kveldsseto med Bjørn Austigard blir det servering og deretter årsmøte med dei vanlege årsmøtesakene. Vi vonar at alle frammøtte historielagsmedlemmer også blir med på årsmøtet. Nærare om tidspunkt og program blir kunngjort seinare.

Kveldsseto 9. februar: Gamle buer og burestar i Lesja-fjellet

3. februar 2023 | Ingen kommentarar

I Tunstugu på Bygdetunet

torsdag 9. februar 2023 kl. 19.00

Ei gruppe med Kai Ove Riise i spissen driv no og registrerer gamle buer i fjella våre med tanke å gje ut ei bok om desse kulturminna.

Kai Ove vil orientere om arbeidet og ta imot innspel til arbeidsgruppa.

Alle er velkomne.    Kaffespleis.

Asbjørnskoia i Asbjørnsdalen

Kveldseto torsdag 12. januar kl. 19.00 i Bellestugu, Lesja bygdemuseum.

5. januar 2023 | Ingen kommentarar

Temaet for kveldsseto er omreisande folk som gjerne vart kalla tater, fant, slarkar, sigøyner eller kramkarar. Dei kom gjerne innom åt folk , somme hadde noko å selja, somme kunne tigge om mat eller tilby å kjøpe, og det hende dei bad om overnatting eller slo leir og overnatta ute.

I kveldsseto vil vi dra fram minna om desse reisande og sjå på kva vi eigentleg veit om dei og korleis møtet mellom dei og bygdefolket kunne vera.

For å skape den rette «taterstemninga» har vi denne gongen vald å vera i Bellestugu. Vi vil fyre opp i god tid, men kle deg likevel godt, for Bellestugu er ikkje noko godt vinterhus!

Biletet nedanfor er av Karoline Lauritzen. Ho var ein framtredande representant for dei reisande, kjent og respektert av mange her i Lesja.

Som vanleg blir det kaffespleis og alle er vel møtt!