Kontordag tysdagar 11.00-14.00

Sidan nyttår 2024 har historielaget hatt fast kontortid på Tunstugu kvar tysdag  kl. 11.00. -14.00. Dette er ei prøveordning som skulle gå fram til påske. Formålet er at interesserte kan koma innom, slå av ein prat om det vi driv med, koma med forslag og gjerne opplysningar m.v. som kan vera til nytte i historielagsarbeidet.

Vi som har bemanna kontoret synest erfaringane så langt er svært gode. Trafikken har vel ikkje vore overveldande, men vi har hatt fleire besøk og fått nyttige innspel. Dessutan har vi fått gjort ein del arbeid med prosjekt som er i gang og ikkje minst har vi hatt mange hyggelege og nyttige samtalar om det vi arbeider med. 

Siste tysdagen før påske blir kontoret diverre ikkje bemanna, for tysdag 19. mars er det Gudbrandsdalsseminar, og da skal mange av oss dit. Men etter påske vil vi halde fram med å bemanne kontoret på tysdagar 11-14, i alle fall fram til 1. mai.  Vil du sikre deg at det er folk å treffe på kontoret, må du gjerne ringe 480 43 824 på førehand.

Skriv ein kommentar