Opninga av turstigen i Lorkvernområdet

19. juni 2016 | Ingen kommentarar

Den offisielle opninga av turstigen ved Lorkverna vart ein stor dag for Lesja historielag. Det var Odd Reidar Hole som i si tid lanserte ideen om ein kulturstig på båe sidene av elva Lora, og han har også vore ein sterk pådrivar for prosjektet. Det var derfor naturleg at han fekk i oppdrag å klippe sløyfebandet da stigen vart erklært opna.

DSC01421

Om lag 30 personar møtte fram og var med på ei felles vandring gjennom stigen. Stigen inneheld 10 informasjonstavler om kulturminna og naturen i området. Ved kvar tavle vart det ein stans og ei orientering om dei emna tavlene beskreiv.  Biletet nedanfor viser eit lydhørt publikum ved ei gamal kolmile. I jernverkstida på Lesja foregjekk det kolbrenning i stor stil.

DSC01428

Ved Lorkverna var t vi tilsaman over 50 personar. Der vart det ein lengre stans med diktlesing, talar og helsingar. Dessutan diska bygdekvinnelaget opp med byggmjølsgraut og skjør, kaffe og kringle. Grautmjølet var sjølvsagt nymale på Lorkverna. Jan Stavheim hadde skrive eit flott dikt spesielt for dette høvet. Her drog han tråden frå dei som i tidlegare tider gjekk stigen for å skaffe det daglege brød til seg og sine og fram til dagens kulturstig. Han las også fleire stemningsfulle dikt av Audun Høgbrenna. Da vi stoppa ved gapahuken ved Lorfossen las han Høgbrenna sitt dikt «Iskvenne ved Lorfossen»som fortel korleis dei om vinteren nytta fossekrafta til å drive ei kvern dei drog ut på isen under fossen. Bildet nedanfor er frå diktlesinga ved Lorkverna.

DSC01439

Rolf Sørumgård fortalde om arbeidet med stigen og med tavlene. Det har vore ei målsetting at stigen skal ha universell utforming opp til gapahuken ved Lorfossen slik at den skal vera framkomeleg med  rullestol. Diverre har elva Lora ikkje vore samarbeidsviljug med dette, ho har reist med veggrusen i vårflaumen!

Rolf drog fram dugnadsinnsatsen og dei mange hjelparane som har vore med. Komiteen var i tillegg til han sjølv, Odd Reidar Hole, Martin Vorkinn, og Oddvar Romundset. Odd Reidar med god hjelp av m.a. Kjell Løftingsbakken, Otto Kornkveen, Sigurd K Bø, Gunnar og Birger Storhaug, gjorde mykje av jobben med sjølve stigen. Med tavlene fekk vi hjelp av Brit Holen og Inger Slettahaug til å teikne. David Hoey har omsett tekstane til engelsk og Anders Olsen i Dovre design har utforma tavlene. Per Jordhøy har levert alle foto av dyr og fuglar. Til finansieringa fekk vi god støtte frå Sparebankstiftelsen, Styret for Lordalen Statsallmenning og Lesja Fjellstyre. Vi fekk dessutan SMIL-midlar gjennom kommunen og støtte til skilting gjennom «Turskiltprosjektet» på fylket. Den største grunneigaren i området, Statskog har og synt stor velvilje til prosjektet. Rolf retta ei takk til alle som har bidrege.

Offisiell opning av turstigen ved Lorkverna

14. juni 2016 | Ingen kommentarar

I løpet av dei siste åra har Lesja historielag opparbeidd ein turstig på ca. 5 km i området ved Lorkverna på begge sider av elva Lora. Vi har utstyrt stigen med 10 informasjonstavler om kulturminna og naturen i området. Ved Lorfossen har vi opparbeidd rasteplass med gapahuk, og vi har restaurert ei kolbrennarkoie i tilknytning til ei informasjonstavle om kolbrenning. Store deler av stigen har såkalla universell utforming, dvs. at det skal vera framkomeleg med rullestol. Akkurat no kan det vera vanskeleg på grunn av flaumskade i stigen.

Mesteparten av arbeidet på stigen er gjort på dugnad, men ein del maskinarbeid og produksjonen av skilt og tavler har kosta ein del. Vi har vore så heldige og fått økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen, kommunen (SMILmidlar), Lesja Fjellstyre, Styret for Lordalen Statsallmenning og frå Turskiltprosjektet i Oppland fylke.

Laurdag 18. juni kl. 13.00. blir det offisiell opning av stigen. Vi vil da gjennomføre ei felles vandring rundt heile stigen med stopp på Lorkverna ca. kl. 14.00. Der blir det diklesing, helsingar, tale og Lesja Bygdekvinnelag vil servere skikkeleg Lorkvern-kost; vassgraut, kaffe og saft. Vi vonar at så mange som råd finn vegen til P-plassen ved Lorkroken/Storsvingen laurdag kl. 13.00. og blir med oss på vandringa.

IMG_0111

Har du ein gamal omn du gjerne vil vite meir om?

27. april 2016 | Ingen kommentarar

Kyrkjestugu Lesjaskog

Fredag 10. juni kl. 19.00. blir detkulturkveld i Jønsonbrenna der temaet er gamle støypjerns-omnar. Petter Øijord, miljørådgjevar og omns-entusiast i Fortidsminneforeninga kjem og vil kåsere om denne kulturtradisjonen. Har du ein gamal omn som du gjerne vil veta meir om, kontakt KM Bjørneby tlf. 906 59 559, eller send bilde av omnen til bjorneby@online.no