Opninga av turstigen i Lorkvernområdet

Den offisielle opninga av turstigen ved Lorkverna vart ein stor dag for Lesja historielag. Det var Odd Reidar Hole som i si tid lanserte ideen om ein kulturstig på båe sidene av elva Lora, og han har også vore ein sterk pådrivar for prosjektet. Det var derfor naturleg at han fekk i oppdrag å klippe sløyfebandet da stigen vart erklært opna.

DSC01421

Om lag 30 personar møtte fram og var med på ei felles vandring gjennom stigen. Stigen inneheld 10 informasjonstavler om kulturminna og naturen i området. Ved kvar tavle vart det ein stans og ei orientering om dei emna tavlene beskreiv.  Biletet nedanfor viser eit lydhørt publikum ved ei gamal kolmile. I jernverkstida på Lesja foregjekk det kolbrenning i stor stil.

DSC01428

Ved Lorkverna var t vi tilsaman over 50 personar. Der vart det ein lengre stans med diktlesing, talar og helsingar. Dessutan diska bygdekvinnelaget opp med byggmjølsgraut og skjør, kaffe og kringle. Grautmjølet var sjølvsagt nymale på Lorkverna. Jan Stavheim hadde skrive eit flott dikt spesielt for dette høvet. Her drog han tråden frå dei som i tidlegare tider gjekk stigen for å skaffe det daglege brød til seg og sine og fram til dagens kulturstig. Han las også fleire stemningsfulle dikt av Audun Høgbrenna. Da vi stoppa ved gapahuken ved Lorfossen las han Høgbrenna sitt dikt «Iskvenne ved Lorfossen»som fortel korleis dei om vinteren nytta fossekrafta til å drive ei kvern dei drog ut på isen under fossen. Bildet nedanfor er frå diktlesinga ved Lorkverna.

DSC01439

Rolf Sørumgård fortalde om arbeidet med stigen og med tavlene. Det har vore ei målsetting at stigen skal ha universell utforming opp til gapahuken ved Lorfossen slik at den skal vera framkomeleg med  rullestol. Diverre har elva Lora ikkje vore samarbeidsviljug med dette, ho har reist med veggrusen i vårflaumen!

Rolf drog fram dugnadsinnsatsen og dei mange hjelparane som har vore med. Komiteen var i tillegg til han sjølv, Odd Reidar Hole, Martin Vorkinn, og Oddvar Romundset. Odd Reidar med god hjelp av m.a. Kjell Løftingsbakken, Otto Kornkveen, Sigurd K Bø, Gunnar og Birger Storhaug, gjorde mykje av jobben med sjølve stigen. Med tavlene fekk vi hjelp av Brit Holen og Inger Slettahaug til å teikne. David Hoey har omsett tekstane til engelsk og Anders Olsen i Dovre design har utforma tavlene. Per Jordhøy har levert alle foto av dyr og fuglar. Til finansieringa fekk vi god støtte frå Sparebankstiftelsen, Styret for Lordalen Statsallmenning og Lesja Fjellstyre. Vi fekk dessutan SMIL-midlar gjennom kommunen og støtte til skilting gjennom «Turskiltprosjektet» på fylket. Den største grunneigaren i området, Statskog har og synt stor velvilje til prosjektet. Rolf retta ei takk til alle som har bidrege.

Skriv ein kommentar