Offisiell opning av turstigen ved Lorkverna

I løpet av dei siste åra har Lesja historielag opparbeidd ein turstig på ca. 5 km i området ved Lorkverna på begge sider av elva Lora. Vi har utstyrt stigen med 10 informasjonstavler om kulturminna og naturen i området. Ved Lorfossen har vi opparbeidd rasteplass med gapahuk, og vi har restaurert ei kolbrennarkoie i tilknytning til ei informasjonstavle om kolbrenning. Store deler av stigen har såkalla universell utforming, dvs. at det skal vera framkomeleg med rullestol. Akkurat no kan det vera vanskeleg på grunn av flaumskade i stigen.

Mesteparten av arbeidet på stigen er gjort på dugnad, men ein del maskinarbeid og produksjonen av skilt og tavler har kosta ein del. Vi har vore så heldige og fått økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen, kommunen (SMILmidlar), Lesja Fjellstyre, Styret for Lordalen Statsallmenning og frå Turskiltprosjektet i Oppland fylke.

Laurdag 18. juni kl. 13.00. blir det offisiell opning av stigen. Vi vil da gjennomføre ei felles vandring rundt heile stigen med stopp på Lorkverna ca. kl. 14.00. Der blir det diklesing, helsingar, tale og Lesja Bygdekvinnelag vil servere skikkeleg Lorkvern-kost; vassgraut, kaffe og saft. Vi vonar at så mange som råd finn vegen til P-plassen ved Lorkroken/Storsvingen laurdag kl. 13.00. og blir med oss på vandringa.

IMG_0111

Skriv ein kommentar