Kulturstigen i Gruvlie er langt på veg ferdig oppmerkt
15. oktober 2025 | Ingen kommentarar
8. oktober varsla vi dugnadsfolket om at vi ville prøve å få sett opp stolpar som merking av kulturstigen i Gruvlie, vi hadde henta stolpane og var klare for å få dei ut. Vi førehandsvarsla på tysdag 14. oktober kl 10 og trudde – viss var heldige med været – at denne jobben kunne gjerast ferdig opp til Langstudul- og Skinnargruva på dagen, i alle fall viss vi vart litt fleire enn dei 5 som hadde meldt seg.
Planen var å vere klare med ca 1/3 av stolpane på parkeringa ved Bryggja og resten køyrd til Gruvlisetre frå Brandlie på førehand. Frå Brandlie fekk vi dugnad på traktor med stolpane dagen før.
Og dugnadsøkta 14. oktober var absolutt vellykka. Vi var fire som gjekk frå Brandlie til Gruvlisetre, og tre frå parkeringa ved Bryggja. Vi som kom til Gruvlisetre tok med oss stolpar og gjekk nedover mot dei andre, møtte dei rett over Vindgruva slik at den delen var ferdig. Etter ein liten kaffepause gjekk vi så oppover og fekk sett opp stolpar heile øvre sløyfa. Vi fekk til og med stolpa eit stykke oppover frå Skinnargruva mot Fjellgruvene, men der manglar det nokre hundre meter. Vi fekk heller ikkje nok spraymåling, så nokre av stolpane er «berre» trekvite.







