Tema for siste kveldsseto dette halvåret var drifta av jernverket på Lesjaverk i åra 1660 til 1812. Einar Morken tok oss med attende til denne spesielle historia i bygda vår. Han fortalde levande om malmfunna, om korleis jernverket vart etablert og om dei store endringane det førte til for dei som budde i bygda i denne tida. Etterpå var vi ein tur innom magasinet og såg på gjenstandar som finst att frå verkstida. Som vanleg stod venneforeninga ved bygdatunet for at det vart kaffe og biteti etter foredraget. Femten personar hadde ei interessant og hyggeleg stund der vi sat på historisk grunn ved masomnen. Stor takk til Einar for interessant forteljing, til venneforeninga og Marit Kolstad for enda ei hyggeleg servering, og ikkje minst til Rolf Sørumgård som har stått for planlegging og organisering av alle kveldsseto i vinter.
Publisert i Nyheiter
Vil vi ha ei oppdatering av Lesja bygdebok bind 1-3, gards- og slektshistoria?
Lesja kommune har vedteke eit forprosjekt om oppdatering av bygdebøkene for Lesja. Under kveldsseto denne gongen vil Arnfinn Kjelland gje interesserte bygdefolk nærare informasjon om korleis eit slikt oppdateringsarbeid kan gjerast og vil svært gjerne få innspel til dette arbeidet.
Publisert i Nyheiter
Historielaga i Lesja og Dovre har gått saman om å arrangere ein kulturkveld om kvinnerollen og matkulturen med Astri Riddervold og Bodil Nordjore. Begge desse damene skulle vera godt kjent i bygdene våre etter suksessen med «Gryta hennar mor» på Joratunet for to år sidan. Båe er dessutan kjent frå media som markerte og kunnskapsrike ekspertar på mat og mattradisjonar.
Det blir servering av kaffe og kake, loddsalg og musikkinnslag ved «På 2. rad». Entrè kr. 300,-
Info/billettbestilling:
Tlf. 906 59 559 epost: bjorneby@online.no
eller tlf. 948 53 818 epost: roy.fjerdingby@gmail.com
Publisert i Nyheiter