Kulturkveld på Joratunet 10.05.2017 Kl. 19.00

 

Historielaga i Lesja og Dovre har gått saman om å arrangere ein kulturkveld om kvinnerollen og matkulturen med Astri Riddervold og Bodil Nordjore. Begge desse damene skulle vera godt kjent i bygdene våre etter suksessen med «Gryta hennar mor» på Joratunet for to år sidan. Båe er dessutan kjent frå media som markerte og kunnskapsrike ekspertar på mat og mattradisjonar.
Det blir servering av kaffe og kake, loddsalg og musikkinnslag ved «På 2. rad». Entrè kr. 300,-
Info/billettbestilling:
Tlf. 906 59 559 epost: bjorneby@online.no
eller tlf. 948 53 818 epost: roy.fjerdingby@gmail.com

Skriv ein kommentar