Kveldsseto ved masovnen på Lesjaverk 8. juni.

Tema for siste kveldsseto dette halvåret var drifta av jernverket på Lesjaverk i åra 1660 til 1812. Einar Morken tok oss med attende til denne spesielle historia i bygda vår. Han fortalde levande om malmfunna, om korleis jernverket vart etablert og om dei store endringane det førte til for dei som budde i bygda i denne tida. Etterpå var vi ein tur innom magasinet og såg på gjenstandar som finst att frå verkstida. Som vanleg stod venneforeninga ved bygdatunet  for at det vart kaffe og biteti etter foredraget. Femten personar hadde ei interessant og hyggeleg stund der vi sat på historisk grunn ved masomnen. Stor takk til Einar for interessant forteljing, til venneforeninga og Marit Kolstad for enda ei hyggeleg servering, og ikkje minst til Rolf Sørumgård som har stått for planlegging og organisering av alle kveldsseto i vinter.

Skriv ein kommentar