Lorkverna sommaren 2022

20. juni 2022 | Ingen kommentarar

Omvisning laurdagar og søndagar 11.00 – 16.00

I kveld var det møllarsamling på Lorkverna der turnusen for denne sesongen vart lagt. Historielaget ønskjer alle besøkande hjarteleg velkomne. Det blir omvisning laurdagar og søndagar kl. 11.00-16.00. i heile skuleferien. Vi kan også tilby omvisninger til grupper som utanom dei faste tidene. Dei må da ta kontakt med oss i god tid føreåt på telefon 900 90 909 for evt. avtale.

Møllarkorpset legg planer for sommaren

Vi oppmodar alle besøknade om å støtte Lorkverna med kr. 20 pr. besøk.

Betaling i kassa på stallveggen eller med vipps. Vi har vipps-nummer 11 43 45

Omvisning kostar 50 kr pr. pers. Barn går gratis.

Lorkverna kan lånast ut til private arrangement eller samlingar. Dersom ein da ønskjer å få reservert sentralområdet med grillen, bålplassen, og eventuelt stallen og møllarstugu, må ein ta kontakt på telefon 900 90 909 for å gjera avtale. Prisen for slike arrangement blir avtalt i kvart enkelt tilfelle.

Vi sel framleis nymale byggmjøl i flotte tøyposar med Lorkvennlogo.

Kilosposen kostar kr. 60, – ,   to-kilosposen kostar kr. 100,-.

Vi har att nokre få eksemplar av Lorkvenn-krus dekorert av Odd Reidar. Dei kostar kr. 100,- og da får du gjerne kruset fullt av sterk Lorkvenn-kaffe attpå handelen!

Vi ønskjer vel møtt på Lorkverna

 

Flydrogje

13. mai 2022 | Ingen kommentarar

Historielaget søkte i vår om tilskot til å restaurere og merke den gamle kløv- og ferdselsvegen frå parkeringsplassen til Lorkverna og oppover til fjells. Det var Riksantikvaren som lyste ut, og Innlandet fylke som administrerte.

Lesja historielag fekk tilslaget med kr. 70.000! Det blir nokre dugnadsøkter!

Ruta til drogje:

Utsnitt av kompanikart 1806

Årsmøte i Lesja Historielag

27. mars 2022 | Ingen kommentarar

Lesja Historielag har årsmøte på biblioteket på Lesja skule onsdag 30. mars kl. 19.00. Vanlege årsmøtesaker og orienteringar om planane framover. Kaffeservering. Kjentmannsquiz med bilde frå ei forgangen tid! Alle er vel møtt!