Godt oppmøte på Kveldsseto 9. november!

Vi må seie oss godt nøgde med frammøtet på temaet «tolking av gardsnamn»; heile 33 skreiv seg inn i gjesteboka. Tandseterstugu vart nesten for lita, som vi ser av bilda!
Arnfinn Kjelland innleidde med vekt på prosessen fram mot bokverket Norske Gaardnavne (NG), og Hans Enstad supplerte med kommentarar til avvikande uttaleformar i verket, varierande kasusformer og andre relevante moment.
Den lydhøyre forsamlinga følgde opp med gode spørsmål og interessante kommentarar – til og med ei ny kjelde til uttale av eit litt problematisk gardsnamn i NG, gnr. 16-17 Bjølverud – den eine kyrkjebenken i Lesjaskogkyrkja kan stadfeste dialektform i NG.
Som vanleg serverte venneforeininga for Lesja bygdatun kaffe og bitetid med kaffespleis.

Skriv ein kommentar