Årbok 2022 for Lesja historielag

Da er årets seinhaust- og julelektyre klar: årboka frå Lesja historielag. Det kjem snart eit tilbod på døra til dei fleste innanbygdsbuande. Andre kan bestille med dette skjemaet, og vi ekspederer så snart vi rekk det.

 

Årbok 2022 for Lesja Historielag er no klar frå trykkeriet og vil bli presentert i Tunstugu under «Jul på tunet» laurdag 26. november. Fram til da, er det skuleelevar i 6. klasse på Lesja og i 9. klasse på Lesjaskog som har einerett på salet av Årbok 2022. Vi vonar dei blir tekne godt imot når dei kjem på besøk.

Elevane har 25 % provisjon av salet, inntekta går rett inn på klassekontoen og vil truleg bli brukt til klassetur i 10. klasse. Etter bokpresentasjonen den 26. november blir boka også å få kjøpt i alle lokale butikkar.

Innhaldet i årets årbok famnar vidt, både i tema og tidsrom. Framsida på boka viser at Hans Enstad held fram med båtturen på Lesjaskogsvatnet som han starta på i fjor. Vi får innblikk i geografien, historia og ikkje minst historiene som knyter seg til denne merkelege sjøen på vasskiljet mellom aust og vest.

Seterhusa på Rolstadsetra i Vesllie på Dovrefjell vart så vidt spart for nedriving for eit par år sidan. I årets bok får vi oppleve seterlivet der gjennom augo til den 8-9 år gamle «budeirullen» Øyvind Nordli. Øyvind er i dag professor emeritus i meteorologi og har skrive denne historia med tanke på barnebarna sine.

Fellefangst av ekorn var ei god attåtinntekt for smågutar ein gong i tida. No er det forbode, men Rolf Sørumgård fortel korleis det gjekk for seg og kva det i si tid kunne bety for folk.

Flytting mellom bygdene forekom også i eldre tid, og i to artiklar får vi kjennskap til ein familie der flyttinga gjekk både inn og ut av bygda.

Mange historieinteresserte lesjingar har liggjande avskrift av verkseigar Hans Holmboe sin Lesja-beskrivelse frå 1755. Arnfinn Kjelland tek for seg innhaldet i dette dokumentet og oppklarar enkelte misforståingar omkring det.

I fjor markerte vi at det var 100 år sidan jernbanen gjennom bygda vår vart fullført til Bjorli med første delen av Rolf Torbo sin artikkel om det han kallar «Lesjabanen». Vi held i år fram med andre delen. På denne tida var husmannsvesenet på veg til å bli avvikla. Ungdom frå husmannsheimar reiste gjerne ut eller fann seg anna arbeid, og i Lesja vart anleggsarbeid på Raumabanen for mange starten på dette. Magnus Tøndevoldshagen var ein av dei, og vi har med eit intervju med han som vart gjort på 50-talet der han fortel om oppveksten sin på husmannsplassen Tynnølshågån.

Med baneanlegge kom arbeidarrørsla for fullt til Lesja, og mange av dei som slutta seg til, var folk frå husmannsplassar og småbruk. I artikkelen til Torbo fortel Sylfest Bø om eit 1.mai-tog som gjekk frå Folkets hus på Joramo til Holsbrekken-butikken i Bø og attende. Dette 1.mai-toget vart fotografert i Kjøremgrenda, og det bildet har vi fått tak i. Det tener som ein god illustrasjon til prologen Audun Høgbrenna skreiv til 1. mai i 1962.

Elles har vi som vanleg mange småstykke med barndomsopplevingar, dramatiske hendingar, morosame historier og litt av kvart. Dagboksnotatane frå krigstida held fram, og ei historie frå nyare tid er Ola O. Enstad sin artikkel om hesteskoklubben «Lesjasko`n».

Rapportar om drifta av historielaget, bygdatunet og Lorkverna manglar heller ikkje. Vi trur og håpar at alle vil finne noko som er av interesse og ynskjer lesarane lykke til med lesinga!

Vi vil påstå at det som står i årbøkene våre aldri blir forelda og ein blir aldri ferdig med å lesa i årbøkene Det dukkar stadig opp spørsmål som du kan finne svar på der. Er det spesielle ting du er ute etter, har vi tre register på heimesida vår. Det er kronologisk register, det er alfabetisk register etter forfattarnamn og det er eit emneregister for artiklar frå 1983 og framover. Ta gjerne kontakt med historielaget dersom du treng hjelp til å finne det du er ute etter.

Vi har framleis på lager alle bøkene frå 1984 og framover, og sel dei for halve prisen av årets bok, 150 kr pr. bok.

 

Skriv ein kommentar