Heider til gode medarbeidarar

I dag fekk Rolf Sørumgård (leiar) og Oddvar Romundset (årbokredaktør) høve til å gjere stas på to eldsjeler i historielaget: Bjørg Nordset og Peder Bjorli. Begge har hatt lang teneste i styret og i dugnadar.

Dei fekk høve til å kome til starten på årets julebord for Lesjaskog pensjonistlag, der både Bjørg og Peder er medlemar, på Bjorli samlingshus.

Rolf takk Bjørg for innsats i styret, med boka Kakejern som laget ga ut i 2016, for Lorkvenne med sying av hundrevis av posar til mjølsalet med meire.

Oddvar takka Peder for styrearbeid, dugnad som møllar på Lorkvenne, medlemskap i skriftnemnda og viktige og morosame bidrag til årboka med meire.

Peder og Oddvar klare med blomster og godord.
Peder fekk blomster av Oddvar.
Bjørg fekk blomster av Oddvar.

Skriv ein kommentar