Arbeidet med å oppgradere Verkensstugu er i gang. Det var ein stor jobb å få tømt huset for rusk og rask og å få golvet reint. Der var det tjukke lag av gamal møkk, så der måtte vi gå drastisk til veks med skraper, skulekost og vaskebøtter i fleire omgangar før vi fekk det nokonlunde rein. Men no er rommet blitt triveleg, og ventar berre på ein snikkerdugnad for å få rekonstruert hemsen der køyrekarane og knuseverksarbeidarane overnatta. Vi hadde med oss materialar til dette i dag – det er materialar som vart til overs etter innreiinga av den øvre skålen på Lorkverna. Dei var saga på dugnad på Myrvangsaga for eit par år sidan.

Opplasting av materialar på Lorkverna

Verkensstugu på Filling

Rolf Sørumgård med materialstabelen på nyvaska golv

Vi sjekkar med faglitteraturen

Hestane stod nede og karane sov på skjellen

Bord og benker for besøkande
Publisert i Nyheiter

Styret i historielaget og andre interesserte var i dag på synfaring på Verkensstugu på Filling. Huset vart restaurert av historielaget i 1983, men det er ikkje lett utan vidare å skjønne kva det har vore brukt til. På 1840-talet var det eit vassdrive knuseverk for krommalm her på Filling. Verkensstugu vart brukt som stall og overnattingshus for dei som arbeidde ved knuseverket eller transporterte malmen. På den tida var det fleire krommalmgruver på Dalsida, og malmen vart transportert hit for knusing før den vart pakka i kasser og transportert vidare til Veblungsnes for utskiping. Historielaget har no planer om å sette opp skilt og informasjonstavler slik at folk kan bli kjent med denne delen av lokalhistoria.
Men først gjenstår ein del arbeid med rydding og tilrettelegging av Verkensstugu for dette formålet. Innvendig vil vi tilbakeføre huset til om lag slik vi trur det opprinneleg var. Først må huset ryddast og reingjerast skikkeleg, og skjellen der dei overnatta må setjast i stand. Uteområdet må også tilretteleggast, kanskje med bord og benker, og vi må ha ein grei parkeringsplass for besøkande. Vi satsar på å greie å gjennomføre dette på dugnad, og vil starte opp med det i sommar.
Publisert i Nyheiter
Det blir raking, rydding, husvask, vedhogst og anna nødvendig arbeid slik at Lorkverna skal fungere og vera triveleg å koma til. Vi har ein del reiskap og utstyr, men ta gjerne med eige utstyr du veit du vil få bruk for. Det blir servering av vassgraut og skjør, kaffe/te og nogo attåt. Alle er velkomne til å gjera ein innsats for Lorkverna.

Publisert i Nyheiter