Årsmøtet 2013

27. februar 2013 | Ingen kommentarar

Lesja historielag hadde årsmøte på Lesjaskog skule 20. februar. Årsmelding og rekneskap vart samrøystes godkjend.  Årsmeldinga  er lagt ut på heimesida.

I styret var Oddvar Romundset, Tor Einbu, Kjell Løftingsbakken og Hans Morken på val. Dei tre første hadde takka ja til å halde fram  og vart attvald for to år. Hans Morken hadde sagt frå seg, og Einar Morken vart vald inn i styret for to år. Oddvar Romundset vart attvald som leiar for 1 år. Frå før sit Magnhild Lia, Odd Reidar Hole og Eldrid Riise i styret.

Leiaren orienterte om følgjande saker:

-          Fram til 1. november  foregår det ei  landsomfattande innsamlinga av livsminne. Alle som er fødd før 1950 og som kan tenkje seg å skrive ned livsminne,  kan kontakte Historielaget for hjelp og rettleiing.

-          Historielaget vil vere med på å markere 100-årsjubileet for allmenn røysterett ved å fokusere særskilt på Hanna Flittie. Ho var ei forgangskvinne på fleire måtar, m.a. vart ho vald inn i kommunestyret i 1902  -  11 år før kvinnene fekk røysterett på line med menn.

-          Vi er med på 150-årsmarkering av delinga av kyrkjesoknet den 19. mai – 1. pinsedag.

-          Dugnadsfest på Tunstugu 20. mars

-          Ofiisiell opning av brua ved Lorkverna er  planlagt til 15. juni

-          Dugnader ved Lorkverna  –  restaurering av smie, kultursti og rydding etter brubygginga

-          Markdagar  – styret er opne for forslag

-          Bjørn Austigard kjem til Jønsonbrenna 31. mai og vil m.a. fortelje om kontakten mellom Lesja og Eikesdalen i eldre tider

Elevar ved Lesjaskog skule syrgde for servering av kaffe, rundstykke og kake.  Under kaffen var det loddsal og trekning av mange fine gevinstar. Til slutt heldt direktør ved Gudbrandsdalsmusea, Torveig Dahl eit interessant foredrag med tittelen: «Museum og historielag – samarbeid og arbeidsdeling».

Årsmøte i Lesja Historielag

18. februar 2013 | Ingen kommentarar

Årsmøtet blir halde på Lesjaskog skule, auditoriet og biblioteket onsdag 20. februar kl. 19.00.

Årsmelding, regnskap og valg.

Servering og loddsalg.

Foredrag ved museumsdirektør Torveig Dahl: «Museum og
historielag – samarbeid og arbeidsdeling».

Vel møtt!

Stemmerettsjubileet 1913-2013 og Hanna Flittie (1864-1932)

31. januar 2013 | Ingen kommentarar

I år er det 100 år sidan det vart allmenn røysterett i Norge. Etter mange års kamp vart det i 1913 vedteke at også kvinnene skulle få røysterett. Likevel tok det mange år før kvinnene for alvor gjorde seg gjeldande i politikken, både i storting og regjering og i kommunestyra.

I Lesja hadde vi ein pionèr på dette området. Alt i 1902 møtte Hanna Flittie  som representant i det som da vart kalla Lesje Herredsstyrelse. Hanna Flittie var ein markant personlegdom på så mange måtar. Ho bygde opp og dreiv landhandel i mange år. Ho bygde seg også opp eit gardsbruk med eiga seter.

Hanna Flittie  var sterkt engasjert i politikk og kultur. Ho var tidleg ute med å ta i bruk det  reine norske flagget og ho var ein av dei første i Lesja som gjekk inn for landsmålet eller nynorsken.

I samband med stemmerettsjubileet vil Lesja Historielag fokusere ekstra på Hanna Flittie og det ho stod for. Vi har all grunn til å vere stolte av at Lesja har fostra ei kvinne som var så langt framfor si tid, og som sette seg så i respekt at ho vart vald inn i kommunestyret før kvinnene hadde stemmerett.