Vellykka årsmøte

Vellykka årsmøte fredag 22. mars med nærare 30 frammøtte. Årsmelding og rekneskap for 2023 vart gjennomgått og godkjent utan merknader. Arbeidsplanen for 2024 fekk og gode kommentarar.

Medlemskontingenten hadde stått fast på kr 100 i mange år, men vart vedteke å heve til kr 150 for 2025, altså for neste år. Medlemsfaktura for i år blir straks utsendt.

Valet gjekk òg kjapt unna, Eldrid Kaarbø som leiar i nemnda hadde alt klart med kandidatar som hadde sagt seg villig.

Etter sakene og kaffe med biteti heldt Rolf Torbo eit muntert kombinert kåseri om eigen tilknyting til Lesja kopla saman med foredrag om det han kallar «Lesjabanen», altså Raumabanen med vekt på strekninga gjennom Lesja.

Leiaren, Geir Ulekleiv, opna møtet.

Skriv ein kommentar