Heimvendte frå Nord-Amerika

I perioden 1840-1930 utvandra over 2000 lesjingar til Nord-Amerika. Ein god del kom heim att, men det veit vi ikkje så mykje om. Bygdeboka har mange, men da gjerne berre med formuleringa «kom att» e.l.
Mange var òg heime att på besøk, og «henta» kanskje med seg bygdefolk over att. mot slutten av perioden reise mange over for å tene seg opp litt kapital til bruk heime att, for å kjøpe gard eller bygge opp hus. Ikkje alle av dei kom heim att; dei slo seg ned.
Utvandringshistoria er full av enkeltforteljingar; det er neppe nokon som gjorde akkurat som andre. Derfor vil vi gjerne få beskjed om du veit om nokre som utvandra, men kom heim att enten på besøk eller vart verande heime. Bruk skjemaet nedanfor.

    Namnet ditt

    E-posten din

    Namn på den heimvendte

    Referanse til bygdeboka og historia om personen

    Bildeverifikasjon. Vennligst fyll inn koda i tekstboksen:
    captcha

    Alle felt må utfyllast.