Kveldseto torsdag 12. januar kl. 19.00 i Bellestugu, Lesja bygdemuseum.

Temaet for kveldsseto er omreisande folk som gjerne vart kalla tater, fant, slarkar, sigøyner eller kramkarar. Dei kom gjerne innom åt folk , somme hadde noko å selja, somme kunne tigge om mat eller tilby å kjøpe, og det hende dei bad om overnatting eller slo leir og overnatta ute.

I kveldsseto vil vi dra fram minna om desse reisande og sjå på kva vi eigentleg veit om dei og korleis møtet mellom dei og bygdefolket kunne vera.

For å skape den rette «taterstemninga» har vi denne gongen vald å vera i Bellestugu. Vi vil fyre opp i god tid, men kle deg likevel godt, for Bellestugu er ikkje noko godt vinterhus!

Biletet nedanfor er av Karoline Lauritzen. Ho var ein framtredande representant for dei reisande, kjent og respektert av mange her i Lesja.

Som vanleg blir det kaffespleis og alle er vel møtt!

Skriv ein kommentar