Årsmøtet 2014

25. januar 2014 | Ingen kommentarar

063

Styret har vedteke at årsmøtet for 2014 skal vera på biblioteket på Lesja torsdag 6. mars klokka 19.00. I tillegg til årsmøtesakene vil det bli servering, musikk og Berit Meiningen frå Lesja kyrkjelege råd vil orientere om planane for pilgrimsveg gjennom Lesja. Vi oppfordrar alle til å sette av denne kvelden og møte fram til ein hyggeleg historielagsprat!

Biletet er frå Dugnadsarbeid på Lorkvenne i mai 2013

Årboka for 2013 er no i sal.

21. desember 2013 | Ingen kommentarar

013

Årboka for Lesja Historielag 2013 er no å få kjøpt i butikkar på Bjorli, Lesjaskog, Lesjaverk, Lora, Avdem, Lesja og Dombås. Prisen er framleis 200 kr. Også i år er det eit variert innhald frå ulike tidsperiodar.  Det er fleire artiklar om korleis folk opplevde krigshandlingane og krigstida 1940-1945. Aud Einbu har skrive om utviklinga av dyretransport med bil frå 1953 til 2013. Odd Reidar Hole har skrive del III om kverner og sager i Lesja. Denne artikkelen er rikt illustrert med fotografi og kart og er ein viktig del av kulturminneregistreringane våre. John S. Einbu har ein artikkel om bonden og emissæren Per Nordsletten, og Tor Einbu skriv om dei to oldefedrane sine, Ole O. Mølmen og Peder J. Enebo, som politisk og kulturelt stod for stikk motsette syn i samtida. Enda er det fleire emne og småstubbar, og som vanleg er det ei fyldig orientering om aktiviteter og hendingar i historielaget det siste året. Den største hendinga dette året er kanskje opninga av brua over Lora ved Lorkverna. Eit bilete frå opningsfesten prydar derfor framsida av boka.

Lorkverna har fått møllarlaug

22. november 2013 | Ingen kommentarar

Tosdag 21. november hadde styret i Lesja historielag hyggekveld på Kafe’n Lesja saman med «møllarlauget», dvs. dei som stilte opp som møllarar og omvisarar på Lorkverna i sommar.

Leiaren i historielaget Oddvar Romundset opna bordsetet med å syngje ein tysk møllarsong – «Es klappert die Mühle am rauschenden Bach, klipp klapp….».

Deretter fekk vi servert resten av dei jordgropsteikte lammelåra som Rolf Sørumgård  steikte til opningsfesten for brua. Eldrid Riise hadde gjort dei i stand med poteter, grønnsaker og saus,, og dei smakte nesten like godt som i sommar!

Ved bordet vart det utveksla erfaringar frå Lorkverna, Tor Einbu orienterte om Årboka 2013 som snart er i salg, og det vart fortald både møllarskrøner og andre gode historier.

Møllarane på Lorkverna sommaren 2013. Frå venstre Terje Taraldsen, Odd Gråberg, Odd Reidar Hole, Sigurd Holseth, Hans Morken, Kjell Løftingsbakken, Rolf Sørumgård, Bjørn Randen

Møllarane på Lorkverna sommaren 2013. Frå venstre Terje Taraldsen, Odd Gråberg, Odd Reidar Hole, Sigurd Holseth, Hans Morken, Kjell Løftingsbakken, Rolf Sørumgård, Bjørn Randen

Etter middagen var det toradermusikk og Alf Eriksen las sitt eige dikt «Sjogg» og «Go’e naboe» av Per Audun Høgbrenna. Etterpå vart det kaffe, kaker og prat langt utover kvelden.