Lorkverna har fått møllarlaug

Tosdag 21. november hadde styret i Lesja historielag hyggekveld på Kafe’n Lesja saman med «møllarlauget», dvs. dei som stilte opp som møllarar og omvisarar på Lorkverna i sommar.

Leiaren i historielaget Oddvar Romundset opna bordsetet med å syngje ein tysk møllarsong – «Es klappert die Mühle am rauschenden Bach, klipp klapp….».

Deretter fekk vi servert resten av dei jordgropsteikte lammelåra som Rolf Sørumgård  steikte til opningsfesten for brua. Eldrid Riise hadde gjort dei i stand med poteter, grønnsaker og saus,, og dei smakte nesten like godt som i sommar!

Ved bordet vart det utveksla erfaringar frå Lorkverna, Tor Einbu orienterte om Årboka 2013 som snart er i salg, og det vart fortald både møllarskrøner og andre gode historier.

Møllarane på Lorkverna sommaren 2013. Frå venstre Terje Taraldsen, Odd Gråberg, Odd Reidar Hole, Sigurd Holseth, Hans Morken, Kjell Løftingsbakken, Rolf Sørumgård, Bjørn Randen

Møllarane på Lorkverna sommaren 2013. Frå venstre Terje Taraldsen, Odd Gråberg, Odd Reidar Hole, Sigurd Holseth, Hans Morken, Kjell Løftingsbakken, Rolf Sørumgård, Bjørn Randen

Etter middagen var det toradermusikk og Alf Eriksen las sitt eige dikt «Sjogg» og «Go’e naboe» av Per Audun Høgbrenna. Etterpå vart det kaffe, kaker og prat langt utover kvelden.

 

Skriv ein kommentar