Årboka for 2013 er no i sal.

013

Årboka for Lesja Historielag 2013 er no å få kjøpt i butikkar på Bjorli, Lesjaskog, Lesjaverk, Lora, Avdem, Lesja og Dombås. Prisen er framleis 200 kr. Også i år er det eit variert innhald frå ulike tidsperiodar.  Det er fleire artiklar om korleis folk opplevde krigshandlingane og krigstida 1940-1945. Aud Einbu har skrive om utviklinga av dyretransport med bil frå 1953 til 2013. Odd Reidar Hole har skrive del III om kverner og sager i Lesja. Denne artikkelen er rikt illustrert med fotografi og kart og er ein viktig del av kulturminneregistreringane våre. John S. Einbu har ein artikkel om bonden og emissæren Per Nordsletten, og Tor Einbu skriv om dei to oldefedrane sine, Ole O. Mølmen og Peder J. Enebo, som politisk og kulturelt stod for stikk motsette syn i samtida. Enda er det fleire emne og småstubbar, og som vanleg er det ei fyldig orientering om aktiviteter og hendingar i historielaget det siste året. Den største hendinga dette året er kanskje opninga av brua over Lora ved Lorkverna. Eit bilete frå opningsfesten prydar derfor framsida av boka.

Skriv ein kommentar