Årbok 2016

22. november 2016 | Ingen kommentarar

p1000446

Tradisjonen tru er årboka for Lesja Historielag no klar for salg. Hovudinnhaldet er som vanleg varierte og interessante artiklar om liv og lagnad i Lesja i fjern og nær fortid. Aktiviteten i laget er også dokumentert, og i alt artikkelstoffet er det lagt stor vekt på å skaffe gode illustrasjonar. Som tidlegare er boka produsert i samarbeid med Snøhetta Forlag. Dette er den 15. årboka Tor Einbu har redaktøransvaret for. Historielaget er han stor takk skuldig for det store arbeidet han legg ned slik at Lesja har ei lokalhistorisk årbok som vi med god grunn kan vera stolte av. Ovanfor redaktøren med nokre eksemplar av årets årbok.

Årets julegåve – Bjørg Nordset: KAKEJERN

22. november 2016 | Ingen kommentarar

p1000444

 

Boklansering og boksalg i Hattremstugu under «Jul i tunet» på Lesja Bygdemuseum laurdag 26. november kl. 12.00. Om du ikkje har høve til å vera der, kan du ta direkte kontakt på tlf. 480 43 824, du kan sende bestilling til Lesja Historielag, Kolstadteigen 4, 2665 Lesja eller bestilling på e-post til oddvar@fjellnett.no. Etter kvart vil boka også bli seld i lokale butikkar.

Boka kostar kr. 300 , dersom du ynskjer å få boka tilsendt, kjem porto i tillegg.

Sjå omtale av boka nedanfor!

Kveldsseto

16. november 2016 | Ingen kommentarar

Lesja historielag vil prøve å få fram forteljarevna hjå folk og vil halde kveldsseto rundt peisen i Bellestugu torsdag 17. november 2016 kl. 19.30

Temaet denne kvelden vil vera bruken av fjellet til jakt, fiske, seterdrift, beiting, eller andre ting. Vi vil at folk skal koma med gode historier som dei har høyrd eller opplevd sjølve. Det kan vera gamle eller nyare historier, gjerne med morosame eller dramatiske poeng.

Og så spleisar vi på kaffe og biteti  –  velkomen!

p1000171