«Gammelteknikk» var tema for første kveldsseto i haust. Arne Staurust og Sigurd K. Bø er aktive både i Lesja historielag og i Sjoa og Heidal gammeltekniske forening. Dei fekk med seg sentrale folk frå «gammeltekniske» med Roy Myrum og Kåre Simenstad i spissen på ei mønstring av eldre restaurerte motorar og køyrety utanfor Tunstugu torsdag kveld. Etterpå gjekk vi inn i Tunstugu der vi fekk sjå og høyre kva foreninga driv med. Kring 40 personar var møtt fram og hadde eit interessant gjensyn med gammeltekniske vidunder. Vi vart også storleg imponert av det store og kompliserte restaureringsarbeidet Kåre Simenstad fortalde om. Her blir det lagt ned mange arbeidstimar for å ta vare på historia om den tekniske utviklinga på bygdene.
Sigurd K. Bø og Arne Staurust strevar med å få start på ein motor. Kjell Erik Meiningen, Gudmund Skotte og Rolf Sørumgård fylgjer interessert med.
Roy Myrum orienterte om motorane og køyretøya som var utstilt.
Den første motoren frå Thørings hyttefabrikk vekte stor interesse.
Rolf Sørumgård introduserte kveldens foredragshaldar, Kåre Simenstad. Han viste bilder og fortalde om det restaureringsarbeidet Sjoa og Heidal gammeltekniske forening har drive med sidan 1995. Han viste også fram teikningar og planer for eit nytt museumsbygg der dei kan stille ut restaurerte tekniske innretningar.
Publisert i Nyheiter
Det blir kveldsseto på Bygdetunet torsdag 11. oktober 2018 kl. 18.00. Mrk. tidspunktet!
Arne Staurust og Sigurd K. Bø og fleire aktive medlemmar av Sjoa og Heidal gammeltekniske forening vil under denne kveldsseto vise fram, demonstrere og prate om gamle motorar, traktorar og landbruksmaskiner. Etter ein time ute , ca. kl 19.00.,går vi inn i Hattremstugu, drikk kaffe, ser på bilde og pratar vidare. Kaffespleis – alle er velkomne.
Lesja Historielag samarbeider med Gudbrandsdalsmusea og venneforeninga ved Lesja Bygdemuseum om arrangementet.
Publisert i Nyheiter
Historisk markvandring
Onsdag 25. juli arrangerer Lesja Historielag markvandring i Verket ved Slådalsvegen, eit massefangstanlegg for rein som var i bruk i middelalderen. Rolf Sørumgård og Tor Einbu er med som kjentmenn. Frammøte ved bommen på Vidfloten klokka 13.00. Samkøyring innover til Verket. Vandringa tek 2-3 timar i roleg tempo. Deltakaravgift kr. 50,-
Lorkverndag
Søndag 29. juli kl. 12.00 – 16.00. er det Lorkverndag. Vi vil fortelja om Lorkverna og det vil foregå maling, og stamping. På grunn av brannfaren blir det ikkje kolbrenning og blestring denne gongen. I programmet inngår også lansering av diktsamlinga «Rips og Rabarbra». Historielaget har fått æra av å gje ut den nyaste diktsamlinga til lyrikaren Audun Høgbrenna. Audun vil sjølv vera til stades og lesa frå denne femte diktsamlinga frå hans hand. Sal av diktbøker med høve til signering av forfattaren.
Det blir servering av kaffe, saft og kaker, og sidan temaet for årets Markens Grøde er rein, vil folkeakademiet selja reinskjøt med tilbehør. Jordgropsteiking av kjøttlår er ein gamal tilberedingsmåte som Rolf Sørumgård har lang erfaring med, og han vil fortelja og vise korleis dette foregår. I tillegg til diktsamlinga vil vi selja andre bokutgjevingar, Lorkvenn-krus, mjøl, og historisk video om Lorkverna på minnepinne!
Vi håpar ingen lar seg skræme av regnversmeldingar. Det er meldt om god temperatur, og vi vil vera budd på at det kan koma einkvan skura utan at det skal forstyrre oss!
Inngang kr. 100,- for vaksne. Barn gratis.
Olsokfest på Bygdatunet
Søndag 29. juli er det Olsokmesse i Lesja kykje kl. 19.00. og Olsokfest på bygdatunet kl. 20.00. Der blir det festtale ved ordførar Mariann Skotte, allsang og musikalske innslag ved Eil Alma og Håkon. Også her vil vi presentere diktsamlinga «Rips og rabarbra» og Audun Høgbrenna vil lesa frå samlinga. Det blir enkel servering og høve til ein god prat! Inngang kr. 100,-
I tilfelle regn, kan arrangementet bli flytta inn i Tunstugu.
Publisert i Nyheiter