Historiske motorar og køyretøy

«Gammelteknikk» var tema for første kveldsseto i haust. Arne Staurust og Sigurd K. Bø er aktive både i Lesja historielag og i Sjoa og Heidal gammeltekniske forening. Dei fekk med seg sentrale folk frå «gammeltekniske» med Roy Myrum og Kåre Simenstad i spissen på ei mønstring av eldre restaurerte motorar og køyrety utanfor Tunstugu torsdag kveld. Etterpå gjekk vi inn i Tunstugu der vi fekk sjå og høyre kva foreninga driv med. Kring 40 personar var møtt fram og hadde eit interessant gjensyn med gammeltekniske vidunder. Vi vart også storleg imponert av det store og kompliserte restaureringsarbeidet Kåre Simenstad fortalde om. Her blir det lagt ned mange arbeidstimar for å ta vare på historia om den tekniske utviklinga på bygdene.

Sigurd K. Bø og Arne Staurust strevar med å få start på ein motor. Kjell Erik Meiningen, Gudmund Skotte og Rolf Sørumgård fylgjer interessert med.

Roy Myrum orienterte om  motorane og køyretøya som var utstilt.



Den første motoren frå Thørings hyttefabrikk vekte stor interesse.

Rolf Sørumgård introduserte kveldens foredragshaldar, Kåre Simenstad. Han viste bilder og fortalde om det restaureringsarbeidet Sjoa og Heidal gammeltekniske forening har drive med sidan 1995. Han viste også fram teikningar og planer for eit nytt museumsbygg der dei kan stille ut restaurerte tekniske innretningar.

Skriv ein kommentar