Lesja Historielag under «Markens Grøde Lesja 2018»

Historisk markvandring

Onsdag 25. juli arrangerer Lesja Historielag markvandring i Verket ved Slådalsvegen, eit massefangstanlegg for rein som var i bruk i middelalderen. Rolf Sørumgård og Tor Einbu er med som kjentmenn. Frammøte ved bommen på Vidfloten klokka 13.00. Samkøyring innover til Verket. Vandringa tek 2-3 timar i roleg tempo. Deltakaravgift kr. 50,-

Lorkverndag

Søndag 29. juli kl. 12.00 – 16.00. er det Lorkverndag. Vi vil fortelja om Lorkverna og det vil foregå maling, og stamping. På grunn av brannfaren blir det ikkje kolbrenning og blestring denne gongen.       I programmet inngår også lansering av diktsamlinga «Rips og Rabarbra». Historielaget har fått æra av å gje ut den nyaste diktsamlinga til  lyrikaren Audun Høgbrenna. Audun  vil sjølv vera til stades og lesa frå denne femte diktsamlinga frå hans hand. Sal av diktbøker med høve til signering av forfattaren.

Det blir servering av kaffe, saft og kaker, og sidan temaet for årets Markens Grøde er rein, vil folkeakademiet selja reinskjøt med tilbehør.  Jordgropsteiking av kjøttlår er ein gamal tilberedingsmåte som Rolf Sørumgård har lang erfaring med, og han vil fortelja og vise korleis dette foregår. I tillegg til diktsamlinga vil vi selja andre bokutgjevingar, Lorkvenn-krus, mjøl, og historisk video om Lorkverna på minnepinne!

Vi håpar ingen lar seg skræme av regnversmeldingar. Det er meldt om god temperatur, og vi vil vera budd på at det kan koma einkvan skura utan at det skal forstyrre oss!

Inngang kr. 100,- for vaksne. Barn gratis.

Olsokfest på Bygdatunet

Søndag 29. juli er det Olsokmesse i Lesja kykje kl. 19.00. og Olsokfest på bygdatunet kl. 20.00. Der blir det festtale ved ordførar Mariann Skotte, allsang og musikalske innslag ved Eil Alma og Håkon. Også her vil vi presentere diktsamlinga «Rips og rabarbra» og Audun Høgbrenna vil lesa frå samlinga. Det blir enkel servering og høve til ein god prat! Inngang kr. 100,-

I tilfelle regn, kan arrangementet bli flytta inn i Tunstugu.

Skriv ein kommentar