Vårdugnad på Lorkverna laurdag 11. mai frå kl. 10.00

7. mai 2019 | Ingen kommentarar

Det blir raking, rydding, husvask, vedhogst og anna nødvendig arbeid slik at Lorkverna skal fungere og vera triveleg å koma til. Vi har ein del reiskap og utstyr, men ta gjerne med eige utstyr du veit du vil få bruk for. Det blir servering av vassgraut og skjør, kaffe/te og nogo attåt. Alle er velkomne til å gjera ein innsats for Lorkverna.

Kveldseto på bygdatunet torsdag 9. mai kl. 19.00

7. mai 2019 | Ingen kommentarar

Temaet er tradisjonell bruk av arbeidshestene i landbruket. Malin Heggeli Moen har med hesten sin og Ola-Jo Botheim, Ola Utgaard, Olav Utgård  og Lars Engen fortel og demonstrerer saman med Malin. Kaffespleis. Alle er vel møtt.

Lesja Historielag sitt bilete.

Kveldseto i Tunstugu 11. april kl. 19.00.

2. april 2019 | Ingen kommentarar

Det blir kveldsseto i Tunstugu på Bygdetunet torsdag 11. april kl. 19.00. Arkeolog ved Kulturhistorisk museum Brit Solli vil fortelja om utgravingane ved Verket i 2018, om det dei fann og korleis funna så langt kan tolkast. Alle er velkomne til ein prat om korleis reinsfangst foregjekk for 1000 år sidan. Kaffespleis!