Kveldsseto på Tunstugu torsdag 14. november kl. 19.00

Kveldsseto denne månaden dreier seg om geologi og landskapsutvikling i Lesja. Forskar Anders Romundset frå NGU (Norges Geologiske Undersøkelse) vil fortelje om kva vi veit om berggrunnen i Lesja og om korleis istidene har forma landskapet. Han vil også vise kva moderne forsking finn ut om bygda vår ved hjelp av  laserscanning og satelittdata m.v.

Vi vonar mange vil stille opp og kome med spørsmål og kommentarar. Bildet nedanfor viser ein merkeleg landskapsdetalj i lia mellom viggestrene – den såkalla Geitryggen!

Kaffespleis  –  alle er velkomne!

Skriv ein kommentar