Braksuksess med Kulturkveld i Jønson-Brenna 5. juni
6. juni 2024 | Ingen kommentarar
For fullsett lokale kunne leiar Geir ynskje velkomen til den tiande kulturkvelden i Jønson-Brenna. Desse har heile tida vore arrangert av historielaget og KM Bjørneby i samarbeid – KM held lokale og finn forslag til innhald, historielaget hjelper til med gjennomføringa.
Programmet bestod altså av eit første innslag med tradisjonsmusikk av Øystein Rudi og Geir Thorud, før ein muntert, men svært interessant gjennomgang av kaffens historie ved Jarle Sanden. Han kunne krydre med historier frå minneinnsamlingar og tradisjon, kopla til dei store endringane det har vore i kaffebruken dei siste 150 åra.
Så var det tid for loddsal, kaffe og bitetid, før eit overraskelsesinnslag: medarrangør KM Bjørneby vart framkalla og høgtideleg utnemnt til Lesja historielags sjette æresmedlem! Det er muleg han vart utan mål og mæle ei lita stund!
Så kom Rudi & Thorud tilbake med eit svært variert utval frå den skandinaviske musikkarven, supplert med morosame historier, før kvelden vart avslutta med trekning etter loddsalet. Og utleveringa av gevinstar ved KM var og supplert med gode kommentarar!
Kulturkveldsjubileum i Jønson-Brenna 5. juni!
26. mai 2024 | Ingen kommentarar
Vi vil markere den 10de kulturkvelden litt ekstra! 5. juli kl 19.00
Jarle Sanden kommer til Jønson-Brenna onsdag 5. juni og vil snakke om kaffens historie.
Jarle er tidligere direktør ved Romsdalsmuseet i Molde.
Historien om kaffen i bygd og by i Norge er historien om noe fremmed og eksotisk langt borte fra, som kom hit nord og som ble så til de grader vanlig. Kaffen er historia om det unorske som ble norsk.
I tillegg kommer Øystein Rudi muligens m/storband (1 person) og underholder med musikk og nesten sanne historier. Servering av kaffe og biteti som forhåpentlig kan nytes ute med musikk og gode historier. Loddsalg.
Begrenset antall billetter – først til mølla osv
Entre: kr. 200,- Påmelding: KM Bjørneby 906 59 559
Vipps 114345 merk «Kultur» Geir Ulekleiv 971 20 611
Vi har også betalingsterminal