Møllarkurs på Lorkvenne
13. juni 2026 | Ingen kommentarar
Torsdag 18. juni kl. 18.00. er det møllarkurs på Lorkvenne. Vi treng fleire «møllarar» som kan ta imot turistar, vise rundt og demonstrere maling og stamping. Alle er velkomne til å delta! . Kurset består i ein gjennomgang av omvisarrutinene, bruk av kverna m.v. Til slutt set vi opp ein turnus for sommaren. To møllarar i gongen er på vakt 11.00. – 16.00. laurdag og søndag i skuleferien. Om du er med på kurset, er det sjølvsagt frivillig om du vil ta ei helgevakt! Bildet er frå møllarkurset for eit par år sidan.


