Truskardag på Storkollstadjordet.

24. september 2019 | Ingen kommentarar

Markens Grøde 2019 hadde KORN som tema. Lesja Historielag har fygd opp dette med historietime om korndyrking på bygdatunet martnasdagen 20. juli og med malting av korn for brygging av øl i tørstugu på Lorkverna i samband med Lorkverndagen 28. juli. Da hadde vi også filmframsyning om tradisjonell korndyrking, kverna gjekk  trufast og vi serverte vassgraut kokt av nymale byggmjøl.

Kornet er grodd og tørka og blitt til malt som det kan bryggjast øl av

Torsdag 26. september frå kl.12.00. arrangerer Lesja Historielag truskardag på Storkollstadjordet like ved riksvegen i samarbeid med Aasmund Kolstad som eig åkeren. Hausting av korn med skurtruskar, sjølbindar, ljå og skyru vil bli demonstrert. Det blir kaffe-severing i åkerkanten! Alle interesserte bør nytte denne eineståande sjansen til å sjå historia om korndyrking i Lesja i praksis!

 

Åkeren på Storkollstad i august – no er han gyllen og fullmogen

Olsokfesten 2019 på Lesja Bygdetun

7. august 2019 | Ingen kommentarar

I år fekk vi ein strålande olsokfest ute på tunet. Festen starta som vanleg med at Lesjasangen vart songen unisont, i år med tonefylgje på trekkspel ved Odd Dalum. Kveldens festtalar var nytilsett direktør ved Gudbrandsdalsmusea, Øystein Rudi. Han trefte publikum heime med interessante refleksjonar og gode historier. Han bidrog også saman med «Marit og karan» til ei festleg musikalsk ramme om olsokkvelden. Komiteen hadde stelt til eit storarta kaffebord åt oss, og praten gjekk utover kvelden. Til slutt vart det meire musikk så danselysten tok overhand hjå fleire! Festen vart leia med sikker hand av Aagot Sørumgård Botheim, og ho delte ut Lorkvern-krus til alle som bidrog til underhaldninga. Regndråpane som kom mot slutten av festen la ingen dempar på publikum, men verka berre til å understreke den magiske stemninga i olsoknatta.

Lorkverndagen søndag 28. juli kl. 12.00

24. juli 2019 | Ingen kommentarar

Vi ønskjer vel møtt til Lorkverndagen 2019 under Markens Grøde der korn er hovudtemaet. Det passar godt på Lorkverna, der er alltid korn og maling av korn hovudtemaet. I år har vi i tillegg teke tørrstugu i bruk til malting av korn. Malting var ein føresetnad for at dei kunne bryggje seg øl til fest og kvardagsbruk i gamle dagar. Maltingsprosessen skjer i tre faser. Først må kornet bløytast i tre dagar. Kornet vårt vart lagt til bløyting i Lora elv sist torsdag. Bløytinga set igang ein spireprosess, og etter dei tre dagane, vart kornet vårt lagt til spiring på skjellane i tørrstugu. Spiringsprosessen ser ut til å gå bra, og fram mot helga reknar vi med å gå i gang med tredje steg i prosessen, oppvarming og tørking. Under spiringa er stivelsen i kornet omdanna til sukker, og ved oppvarminga stoppar vi vekstprosessen og tørkar kornet for å ta vare på maltsukkeret. Det er dette som gjev gjæring når ein bryggjar.

På Lorkverndagen vil vi dessutan vise ein film som viser skuronn i gamal tid  –  dvs. hausting og behandling av korn. Og i stampa vil husflidslaget stampe ullstoff slik det vart gjort før i tida.

Det blir servering av vassgraut med skjør, kaffe, saft og bitetti, boksalg og mykje anna!

Inngang kr. 100,-

Biletet er frå Lorkverndagen i fjor da Rolf Sørumgård fortalde om jordgropsteiking av kjøtt