Kveldsseto tysdag 10. mars kl. 19.00. Avlyst etter råd frå kommunelegen!

Tema for kveldsseto i mars er kunstmålaren Karl Løkke frå Orderlykkja i Lesja. Han og Kristian Holbø frå Vågå var dei første kunstmålarane frå Norddalen som greide å leve av kunsten sin. Begge var landskapsmålarar og var inspirert av landskap i heimbygdene sine, men nådde likevel stor popularitet vidt utover. Karl Løkke deltok i mange år på Statens Haustutstilling, og i 1909 kjøpte kong Haakon eit landskapsbilde han hadde på utstillinga.

Frå Joramo i Lesja

Karl Løkke busette seg i Ringebu, og i sommar skal dei der ha ei Karl Løkke- utstilling i prestegarden. Lars Tvete frå Venabu er ein stor kjennar av Karl Løkke. Han vil vera med oss på kveldsseto på Tunstugu tysdag 10. mars og fortelja om kunstmålaren og kunsten hans. I det høve vil vi prøve å få lånt inn og stille ut ein del Karl Løkke-måleri som er i privat eige i Lesja. Vi oppfordrar alle som har eitt eller fleire måleri av Karl Løkke på veggen om å ta dei med seg og vise dei fram.

Midti Orderlykkja ca. 1900.

I dag er det kanskje ikkje så mange her i bygda som veit noko om Karl Løkke sjølv om det heng målari etter han i mange heimar. Vil du vite meir om han, kan du sjå i Historielaget si årbok for 2007. Der har Odd Reidar Hole skrive ein artikkel om kunstmålaren Karl Løkke  frå Lesja.

Setermotiv (Frå Lesja?)

Skriv ein kommentar