Kvedseto i Tunstugu torsdag 9. januar 2020 kl. 19.00
3. januar 2020 | Ingen kommentarar
Tema for det første kveldsseto i 2020 er gamle råk, drog, stigar, kløvvegar og setervegar i Lesja. Framleis har folk ærend i skog og fjell med krøtter, for å gå på jakt, fiske eller for å nyte friluftslivet på andre måtar. Det nettverket vi har av slike ferdselsvegar er urgamle og viktige kulturminne, men har også stor betydning for bygdefolk og tilreisande den dag i dag.
Kai Ove Riise er godt kjent på mange råk, vegar og stiar i Lesja. Han vil innleiingsvis ta oss med på nokre av desse ferdselsvegane. Deretter blir ordet fritt og vi vonar det er mange som vil koma med spørsmål, kommentarar og opplysningar om dette spennande emnet.
Det bir kaffespleis – alle er velkomne!
God jul!
20. desember 2019 | Ingen kommentarar
Lorkvennissane ønskjer alle medlemmer av Lesja Historielag, dugnadsfolk og gjester på Lorkverna ei riktig god jul! Vonar de vil hygge døkk i jula med årboka vår eller med «Rosemåling frå Lesja». Butikkane har framleis att nokre eksemplar for dei som enda ikkje har fått tak i desse bøkene! Det er eit «must» å ha dei både i hus og hytter!