Den tradisjonelle festen på bygdetunet olsokkvelden, 29. juli klokka 20.00. er attende etter coronapausen. Som vanleg er det først olsokmesse i Lesja kyrkje klokka 19.00.
I år er vi så heldige at vi har fått sokneprest Magnus Halle til å halde festtalen. Det blir musikk ved den nyetablerte kvartetten «Lesjingan», og som vanleg blir det allsang og servering. Det er brukbare vermeldingar, så vi reknar med at festen blir halden ute på tunet. I tilfelle veret skulle svikte, blir festen i Tunstugu.
Lesjingan
Inngang kr. 100,-
Alle er velkomne!
Publisert i Nyheiter
På martnasdagen under Markens Grøde laurdag 23. juli arrangerte historielaget konkurransen «Ka e ditta ?» På eit bord er det da lagt fram 10 bruksgjenstandar som var i vanleg bruk for ein del år sidan, og konkurransen går ut på å skrive ned kva gjenstanden heiter og kva den vart brukt til. Dei tre som hadde flest rette svar vart premiert med kvar sitt lorkvennkrus.
30 deltakarar leverte inn utfylte svarskjema. På førsteplass kom Tor Einbu, på andreplass Gudbrand Hyrve og på delt tredjeplass Ola Utgaard og Harald Ødegård. Nedanfor ser vi gjenstandane med nummer og fasitsvaret:
1. Eigaren fortalde at dette er ein kakk som vart brukt til å gje kalvane mjølkedrikke. Under tvil godkjende vi også kolle og mjølkebutt.
2. Mea eller medrag. Det blir brukt av laftarar til å dra langs måsåfaret mellom stokkane for å merke på slik at stokkane vart godt tilpassa kvarandre.
3. Ukshøvel som var brukt til å høvle laftestokkar. Den vart brukt av to menn som sat overskrevs mot kvarandre på stokken.
4. Snellehus eller ein snellestokk. Når to sneller var spunne fulle av tråd, kunne dei bli sett i snellehuset og så vart dei to trådane tvinna saman til ein.
5. Bandkniv som vart brukt til å borke trestokkar. Vi godkjende også barkekniv som namn.
6. Jernlest som skomakaren tredde skoen inn på når han skulle feste solar eller reparere sko.
7. Måssåspjot som vart brukt til å stikke gjennom måssålasset for å få løyst det frå underlaget. Da kunne ein bruke hesten til å løyse fast-tela måssålass. Mange merka seg at spissen har eit auga som ei nål, og foreslo at spjotet eller nåla vart brukt når ein skulle jøle fast forlass. Da kunne ein stikke tauet i «nålauga» og dra det gjennom lasset. Dette var så godt begrunna, at vi gav poeng for forslaget.
8. Glasripar eller glas-skjerar. Brukt til å rute opp glasruter når ein skulle erstatte knuste vindaugsruter.
9. Laftebile brukt til å høgge laft.
10. Bryne brukt til å kvesse ljå eller annan kvass reiskap.
Publisert i Nyheiter
Omvisning laurdagar og søndagar 11.00 – 16.00
I kveld var det møllarsamling på Lorkverna der turnusen for denne sesongen vart lagt. Historielaget ønskjer alle besøkande hjarteleg velkomne. Det blir omvisning laurdagar og søndagar kl. 11.00-16.00. i heile skuleferien. Vi kan også tilby omvisninger til grupper som utanom dei faste tidene. Dei må da ta kontakt med oss i god tid føreåt på telefon 900 90 909 for evt. avtale.
Møllarkorpset legg planer for sommaren
Vi oppmodar alle besøknade om å støtte Lorkverna med kr. 20 pr. besøk.
Betaling i kassa på stallveggen eller med vipps. Vi har vipps-nummer 11 43 45
Omvisning kostar 50 kr pr. pers. Barn går gratis.
Lorkverna kan lånast ut til private arrangement eller samlingar. Dersom ein da ønskjer å få reservert sentralområdet med grillen, bålplassen, og eventuelt stallen og møllarstugu, må ein ta kontakt på telefon 900 90 909 for å gjera avtale. Prisen for slike arrangement blir avtalt i kvart enkelt tilfelle.
Vi sel framleis nymale byggmjøl i flotte tøyposar med Lorkvennlogo.
Kilosposen kostar kr. 60, – , to-kilosposen kostar kr. 100,-.
Vi har att nokre få eksemplar av Lorkvenn-krus dekorert av Odd Reidar. Dei kostar kr. 100,- og da får du gjerne kruset fullt av sterk Lorkvenn-kaffe attpå handelen!
Vi ønskjer vel møtt på Lorkverna
Publisert i Nyheiter