Braksuksess med Kulturkveld i Jønson-Brenna 5. juni

For fullsett lokale kunne leiar Geir ynskje velkomen til den tiande kulturkvelden i Jønson-Brenna. Desse har heile tida vore arrangert av historielaget og KM Bjørneby i samarbeid – KM held lokale og finn forslag til innhald, historielaget hjelper til med gjennomføringa.

Forventningsfullt publikum på plass!

Programmet bestod altså av eit første innslag med tradisjonsmusikk av Øystein Rudi og Geir Thorud, før ein muntert, men svært interessant gjennomgang av kaffens historie ved Jarle Sanden. Han kunne krydre med historier frå minneinnsamlingar og tradisjon, kopla til dei store endringane det har vore i kaffebruken dei siste 150 åra.

Jarle Sanden – og på bordet bak nokre kaffe-relaterte gjenstander han hadde med.

Så var det tid for loddsal, kaffe og bitetid, før eit overraskelsesinnslag: medarrangør KM Bjørneby vart framkalla og høgtideleg utnemnt til Lesja historielags sjette æresmedlem! Det er muleg han vart utan mål og mæle ei lita stund!

KM Bjørneby blir æresmedlem.
Til ståande applaus frå forsamlinga!

Så kom Rudi & Thorud tilbake med eit svært variert utval frå den skandinaviske musikkarven, supplert med morosame historier, før kvelden vart avslutta med trekning etter loddsalet. Og utleveringa av gevinstar ved KM var og supplert med gode kommentarar!

Rudi & Thorud i fri dressur!

Skriv ein kommentar