Ei litt spesiell utvandrarhistorie – Kornelie Kveum
Av Arnfinn Kjelland
Første november 1906 gjekk to 17 år gamle lesjajenter, «tenestepiker», om bord på dampskipet Montebello i Kristiania hamn. Det var, slik namna er skrive i utvandrarprotokollen, Anne Haakenstad og Kornelie Gustava Kveum. Dei hadde med seg 40 kr i pengar kvar, agenten som hadde innmeldt dei til utvandring var M.T. Raffel, målet for reisa var Nord-Dakota og fraktbeløpet for begge var 384,50 kr.
Kven var dei? Anne er enklast å identifisere gjennom bygdeboka. Ho var født i 1889, reiste frå Uti-Håkåstad, gifta seg i 1911 med Syver frå nabogarden Oppistugu og dei vart farmarar i Scandia, Nord-Dakota.
Men kven var Kornelie Kveum? Ho manglar i bygdeboka, men foreldra står der, under Øvre Kvean i bind 1 side 431. Far hennar, Kristen, var jernbanearbeidar og reiste på anlegg, så informasjonen om familien i bind 1 er mangelfull.
Med moderne hjelpemiddel er det meir å finne. Under «levende fødte» i ministerialbok for Orkdal prestegjeld 1881–1896 side 93 finn vi «Født 20/10, døpt 27/10 Cornelia Gustafna (født og døbt i Jemtland, see Journal No 124/89)». Foreldra var «arbeider Kristen Knutsen fra Gudbrandsdalen og ogifta Hanna Regine Dahl frå Løftamo». I merknadsrubrikken står det «Opgave af 2/11 89 fra G?d Normann D?? p l Undersaaker i Jemtland.»
Dette betyr sjølvsagt at ‘Cornelia Gustafa’ (eg skriv heretter Kornelia) var født i Jemtland i Sverige, men også at foreldra må ha vore der utan å vere gifte. Kristen var nok på ei form for anleggsarbeid, og Hanna var kanskje kokke eller liknande. Ho var født i Orkdal prestegjeld 4. juli i 1866, faren var ungkar Per (Peder) Perssen Dalen og mora var ‘pige’ Randi Hansdtr. Hongslo. Søk etter Hanna i folketeljingane 1875 og 1891 saman med Kornelia og ev. Kristen, har ikkje gjeve treff.
Neste spor etter familien vi har funne førebels, er at Petra Marie vart døypt i Ringebu i juli 1895, foreldra Hanna og jernbanearbeidar Kristen var gifte og da budde dei i Randkleivseie.
Når vi så kjem til folketeljinga i 1900, finn vi familien på Øvre Næs i Vestre Toten, Kristen er framleis jernbanearbeidar og familien elles er Hanna og barna ‘Gustave’ født 1889 i Sverige, Marius født 1890 også i Sverige og Petra Marie. Som vi såg i dåpen hennar, fekk Kornelie ‘Gustafa’ som mellomnamn; her er det einast fornamnet som er innført, men født år, fødestad og foreldra samsvarar så det kan ikkje vere tvil.
Så dukkar familien oppatt tre år seinare, da dei i januar 1903 melder flytting frå Vestre Toten. Da budde dei altså på Eina stasjon, dei kom til Vestre Toten i oktober 1900 (to månader før folketeljinga) «antagelig» frå Brandbu, og dei flytta til Flå i Hallingdal.
Fleire spor har vi ikkje etter Kornelie før ho dreg over havet. Men ho (og truleg familien) må nok ha kome flyttande til Lesja før ho reiste, sidan ‘Lesja’ er oppført som heimstad i utvandrarprotokollen. Fire år seinare, i 1910 er dei andre heime i Øvre Kvean (vi hadde ikkje tilgang til den teljinga da bygdeboka kom ut).
Men i lista over gjevarar til orgel i Lesjaskogkyrkja i 1909, trykt i Gåmålt frå Lesja og Lesjaskog 1986, finn vi «Karoline Gustava (Knudsen) Nyhus» buande i Souris, ein liten tettstad i Haram Township, Nord-Dakota. I bygdebokarkivet har vi boka The People of Bottineau County, og der finn vi «Karnelia Knutson from Jemtland, Sweden» under townshipet Scotia, som grenser mot Canada omtrent midt i countyet (og midt i Nord-Dakota).
Desse kjeldeinnføringane er eit godt døme på det ein ofte ser om dei som reiste over; namna kan vere skrive på fleire måtar og dei flytta gjerne fleire gonger. At desse innføringane gjeld Kornelia er likevel så sikre som ein kan rekne med; ho hadde sikkert med seg ein dåpsattest, der står det sjølvsagt at ho var døypt i Jemtland og dermed vart ho registrert som svensk. Det er elles litt mangelfull informasjon om årstal i boka, men ho var i alle fall gift med Martin Nyhus frå Trysil og dei hadde ei dotter Hannah (gift Maloney). Ho var sikkert oppattkalla etter mor til Kornelia. Både ho og foreldra var døde da Bottineau-boka kom ut (ca. 1980) og gravlagt på ved Lesjakyrkja i Souris,. Men Hannah hadde to søner som eigde farmen da boka kom ut, så det er nok etterslekt. Og nettstaden Find a Grave har at Kornelia døydde alt i 1918, berre 29 år gamal. Der står rett nok mellomnamnet, Gustava, men med rett fødselsdato.