Smedelevsamling på Lorkverna

Torsdag 22. –laurdag 24. august har smedelevane frå handverksskulen på Hjerleid samling på Lorkverna for å lære korleis jern vart produsert av myrmalm i tidlegare tider. Jostein Espelund er fagleg ansvarleg for opplæring i prosessane.

Elevane skal lære å brenne sitt eige kol, røste malmen, og å blestre jern i sjaktomnen.

Med desse 10 – 12 nye smedelevane følgjer det mykje liv og spel! Dei møtest onsdag på Hjerleid, så dette er første samanristinga, og prøva på kven som er den sprekaste hanen i korga.

Fredag og laurdag vil det vera aktivitet på alle område, frå ca. kl. 1100 til kl. 1500. Da blir kolmile og blester tømt, og vi veit noko om resultatet. Og alle dagar sprutar vatnet frå vasshjul, røyken står frå røstebål og blester og det skjer noko! På same tid går sjølvsagt mølla og stampa.Og heile tida brenn kaffevarmen, og grillen er varm.

Ei ny bru er bygd over Lora, slik at bevegelseshemma kan køyre gjennom bommen (kr 10) og om Gml. Berntvegen og nesten heilt fram til Lorkverna.

006

Skriv ein kommentar