Rosemålingsboka er klar for boklansering

Det er klart for lansering av boka «Rosemåling frå Lesja» på Tunstugu torsdag 12. desember kl. 14.oo.  Der vil forfattarane Odd Reidar Hole, Tord Buggeland og Kåre Hosar presentere bokverket.

Boka er rikt illustrert, riktig ei praktbok og ho viser at vi i Lesja frå 17-1800-talet og utover hadde eit handverkarmiljø som fostra svært mange  dyktige rosemålarar. Mange av dei arbeidde i nabobygdene i Gudbrandsdalen, og ikkje minst i bygdene vestover og nordover. Det er verdt å merke seg at boka heiter rosemåling  frå Lesja og ikkje i Lesja. Fleire av dei dekorerte dørene, kistene, skrina, framskåpa o.s.b. som er vist i boka, er henta frå Dovre, Ottadalen, Romsdalen og Sunndalen. Til og med i Aure på Nordmøre, Bardu og Målselv finst det rosemåling frå Lesja frå 17-1800-talet.

Boka kostar 360 kr og om du vil kjøpe boka kan du vende deg til Lesja Historielag v/ Oddvar Romundset tlf.480 43 824 eller på e-post romundseto@gmail.com. Vi kan sende i posten, men da kjem porto i tillegg. Elles vil boka bli å få kjøpt i lokale butikkar og i bokhandlar så langt ut som vi får det til.

 

Skriv ein kommentar