Rosemåling frå Lesja

Endeleg kjem boka vi har venta på i mange år  –  boka om rosemåling og rosemålarar frå Lesja. I rosemålingskretsar er Lesja-måling og Lesja-målarar velkjende begrep. Konservator Tord Buggeland ved Maihaugen tok derfor i si tid initiativ til å få registrert rosemåling i Lesja. Han tok kontakt med daverade leiar i Lesja Historielag Odd Reidar Hole, og han gjekk straks i gang med dette registreringsarbeidet. Han gjekk frå heim til heim i Lesja og fotograferte og registrerte hundrevis av gjenstandar og interiør med rosemåling. Detviste seg at det fanst Lesjamåling i mange av nabobygdene, også over fylkesgrensa. Ja, det er registrert Lesja-måling i fjerne bygder som Aure på Nordmøre og i Målselv og Bardu i Troms. Det viste seg at i løpet av eit par hundre år hadde Lesja fostra eit hundretals rosemålarar, mange av dei store kunstnarar på sitt område. Odd Reidar fann etter kvart ut kven mange av dei var og kva som kjenneteikna målinga til den enkelte. Med seg i dette arbeidet har han i tillegg til Tord Buggeland hatt  konservator ved Maihaugen, Kåre Hosar, og det har resultert i ei praktbok om rosemåling frå Lesja, dvs. gamle Lesja prestegjeld som også omfatta Dovre og øvre Folldalen.

 

Omlag slik blir framsida på boka – ho er venta ferdig frå trykkeriet ca. 10. desember og vil straks bli lagt ut for salg både direkte frå historielaget og frå lokale butikkar. Etter kvart vil boka også bli å finne i bokhandlane i området. Boka kostar 360 kr og kan bestillast direkte frå historielaget på e-post til romundseto@gmail.com

Dette skåpet var historielaget med på å kjøpe heim att til Bellestugu på Lesja Bygdetun i sommar. Skåpet er laga av rosemålaren Hans Gundersen Jenstad som også var snikkar og smed. Dette skåpet er gjengitt i Johan Meyer si bok «Fortids kunst i norske bygder». Hans G Jenstad var ein interessant kunstnar med stor og variert produksjon, og han er ein av dei du kan lesa om i boka.

2 kommentarar to “Rosemåling frå Lesja”

  1. Patti Goke sa:

    Is is possible to purchase two books and have sent to the US? I know that shipping will be expensive.

    Thank you.

  2. Jill Willems sa:

    I am interested in getting this book shipped to US. Is that possible?

Skriv ein kommentar til Jill Willems