Registrering av buer og læger i fjellet.

I Lesja Historielag har vi registrert det store engasjementet i face-book-gruppa «Jakthytter og læger i Lesjafjella», og kan i den samanheng melde følgjande:

Vi tek sikte på å få fortgang i arbeidet med registrering av buer i fjellet. Saman med Ola Tovmo vil vi utvikle eit registreringsprogram for Lesja slik dei har gjort i Dovre. Dette programmet vil bli tilgjengeleg på heimesida vår på same måten som på heimesida til Dovre Historielag. Da vil alle som er interessert i å vera med på dette kunne gå inn, registrere seg og legge inn opplysningar om og bilde av buer, læger og restar av slike. Vi tek da ikkje berre sikte på buer og læger til jaktformål, men også buer og læger som er brukt til andre formål som fisking, gjeting, måsåtaking, gruvedrift etc., og dei treng ikkje liggja innanfor kommunegrensene dersom dei er eller har vore brukt av lesjingar.

Bu ved vatningskanalen som kjem frå baksida av Horrungen

Andre kulturminne som bågåstø, eller oppmuringar som berre har til formål å skape le for kvile- eller utsiktsplassar, fell utanfor denne registreringa. Men her vil det sjølvsagt vera grensetilfelle der ein må bruke skjønn. Vi tenkjer oss også å utelate hytter til fritidsformål av nyare dato. Her vil det også vera grensetilfelle, men det kan t.d. vera aktuelt å kutte ut hytter og buer som er bygd etter krigen. Desse vil i alle tilfelle vere grundig registrert i andre register. Dette må vel nedfellast i retningsliner for registreringa, og vi er opne for innspel og synspunkt på dette.

Skriv ein kommentar