Da er Jora Bygg & Laft på plass ved Lorkverna med maskinar og mannskap for å byggje ny utleggarbru. Dei reknar med å bruke det meste av november månad på arbeidet. Det første dei tok fatt på var å lage ei provisorisk bru til bruk under arbeidet. No er dei i gang med å mure opp landkar på Lorkvernsida av elva.
Dersom du vil følgje med på framdrifta av prosjektet, kan du gå inn på heimesida til Jora Bygg og Laft – http://jora.no/. Klikk på «Pågående prosjekter» – der vil det bli lagt ut bilde av brua etter kvart som arbeidet går framover.
Publisert i Nyheiter
I månadsskiftet oktober/november går vi i gang med bygging av utleggarbru over Lora ved Lorkverna. Det er Jora Bygg og Laft som skal forestå byggearbeida. Tømmer til brua er hogd på dugnad etter materialliste frå firmaet. I fjor stod Jora Bygg og Laft for arbeidet med den nye utleggarbrua ved Skamsdalssetrene. Vi veit derfor at dei kan dette med utleggarbru, og at vi får ei bru som vil passe inn i det bygningshistoriske miljøet ved Lorkverna. Når brua er på plass, vil kulturminna på begge sider av elva bli bundne saman til ein heilskap, og ikkje minst vil turområda på begge sider henge saman. Dette er eit prosjekt vi har arbeidd lenge med, og som vi gler oss svært på kome i mål med.
I tillegg til dugnadsarbeidet og eigne midlar er prosjektet er finansiert med tilskott frå Sparebankstiftelsen, Lesja kommune («Smilmidlar»), Lesja fjellstyre og gåve frå Ingrid og Magnus Jøndal.
.
Publisert i Nyheiter
Historielaga i Lesja og Dovre står som arrangørar av ei markering av at det er 400 år sidan «skottetoget» gjekk gjennom bygdene våre og vart nedkjempa ved Kringen av «bønder frå Vågå, Lesja og Lom». Den fremste leiaren for bøndene var bondelensmannen i Lars Hågå i Lesja og Dovre. Vi vil derfor ha eit særleg fokus på han.
Møte fram på Toftemo Turiststasjon torsdag 16. august klokka 19.00. Inngang kr. 100 inkl. kaffeservering.
Egil Ulateig vil fortelje og reflektere omkring dei historiske hendingane. Knut Kjøk vil kåsere og spele slåttar som er inspirert av skottetoget og slaget ved Kringen. Ingeborg Dalheim vil syngje Sinclairvisa av Edvard Storm akkompagnert av Sigrid Sørumgård Botheim.
Vel møtt !
Publisert i Nyheiter