Årboka vår kjem til jul i år også, men er litt forsinka. Laurdag den 15. desember reknar vi med at ho vil vere ute i butikkane. Skuleelevane vil også i år kome rundt og selja og tene seg nokre kroner til leirskule. Prisen er den same som i butikken 200 kr. Som vanleg har vi mykje interessant stoff både frå nær og fjern fortid. Lesja skyttarlag og landsskyttarstemna vil ha ein stor plass i årets utgåve. Vi har også med stoff frå siste verdenskrig, om lokale kunstnarar i tre og farger, og om kvardagsliv og kvardagshistorie i førre hundreåret.
.
Her skjedde dramatiske ting hausten 1944. Les om det i Årboka for Lesja Historielag!
Publisert i Nyheiter
I juni 2011 var Asrid Riddervold i Jønsonbrenna på Lora og heldt foredrag om drikkeskikkar og om råkåfisk. Ingen av oss som var der vil gløyme dette festfyrverkeriet av eit foredrag.
Fredag 30. november kl. 19.00. er ho tilbake i steinfjoset i Jønsonbrenna og vil halde eit foredrag med tittelen:» Julens mat og drikke i et historisk perspektiv.»
Talet på sitteplassar i steinfjøset er begrensa – dei som vil vere med må derfor vere raske med å melde.seg på. Ring til Oddvar Romundset tlf. 480 43 824.
Vel møtt til ei hyggeleg og interessant innleiing av adventstida!
Publisert i Nyheiter
Mathias Øvsteng frå Norsk Kulturarv kom i dag ein tur til Lorkverna for å lage reportasje om brubygginga og om Lorkverna i magasinet «Kulturarven». Dette magasinet er eitt av dei fremste innanfor kulturvern og formidling av kulturminne. Øvsteng var særleg imponert over at vi kan dokumentere drift av Lorkverna så tidleg som i 1326 da kverna er nemnt i samband med ein gardhandel på Lesja. Dette skinnbrevet er ein del av Diplomatarium Norvegicum og er oppbevart på riksarkivet.
Mathias Øvsteng og Einar Utgaard på Lorkverna
Publisert i Nyheiter